Storstilt dugnadsånd på Kuventræ
Dugnadsarbeidarar har stått på kvar kveld denne veka for å gjera den nye friidrettsbua med garasje klar på ei veke.
- Det har vore ein flott dugnad så langt, seier friidrettsleiar Sverre Mowinckel-Nilsen og held fram:
- Mange flinke tømrarar har møtt opp, og saman med frivillige handlangarar, blant anna mange frå friidrettsgruppa, så får dei jobben gjort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner det er mange som skal ha skryt for at bygget vert reist på så kort tid, men han vil særleg trekkja fram Terje Kvittingen.
- Terje, som driv ei lita veterangruppe i friidretten, har fått med seg alle sine tømrarvenner. Andre medlemer av friidretten har stilt opp som medhjelparar.
Vil laga til opphaldsrom
Etter planen skal arbeidet vera ferdig søndag, men arbeidarane har jobba godt, og i skrivande stund ser det ut som at dei kan bli ferdige i løpet av laurdag.
- Kva skal nybygget brukast til?
- Det blir reidskapsbu til utstyret me bruker på friidretten, og garasje til traktoren, seier Mowinckel-Nilsen.
Ved sida av står brakker som tilhøyrer Os kommune. Desse får friidretten lov til å disponera.
- No som me kan flytta utstyret ut frå brakkene, vil me gjera det til ein opphaldsstad for medlemer, med sofa og liknande, seier friidrettsleiaren.
Takterrasse på brakkene
Dugnadsprosjektet er eit samarbeid mellom Os kommune og Os Turn, som blei til då Os kommune kjøpte den gamle grasbanen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Avtalen var at me skulle stilla med arbeidskraft om kommunen kjøpte inn materiale, seier Mowinckel-Nilsen.
Med tida vil det også koma på plass tribune.
- Og takterrasse på brakkene, seier Mowinckel-Nilsen.
Øvst i saka kan du sjå utviklinga i prosjektet fram til og med i dag. Dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, har dokumentert dag for dag.
- Her har dei stått på frå tidleg ettermiddag til seint på kveld. I dag skal dei setja opp takstolar, og slik det ser ut vil dei bli ferdige i morgon, seier Parnefält.