Dei er kjente for å vera mange på trening, men at Opptur Motbakkeklubb klarer å stilla med nær 30 deltakarar i Stoltzen opp er rett og slett imponerande.
Dei er kjente for å vera mange på trening, men at Opptur Motbakkeklubb klarer å stilla med nær 30 deltakarar i Stoltzen opp er rett og slett imponerande.

Storinnrykk i Stoltzen opp

Opptur Motbakkeklubb markerer seg sterkt i morgondagens Stoltzen opp. Heile 28 av medlemene er klare for dei 700 trappene.

Årets Stoltzen opp starta for mange i dag (fredag). For dei fleste osingane går starten i morgon (laurdag). Den desidert største kontingengen kjem frå Opptur Motbakkeklubb på Nore Neset.

- Det er ganske imponerande. Eg meiner me er tett oppunder 30 deltakarar, seier Opptur-medlem Geir Skaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han spring denne gongen for moderklubben Gular.

- Det er berre ein formalitet. Eg stiller sjølvsagt også for oss i Opptur, ler Skaten.

Topp-tre

41-åringen har løpt dei vel 900 metrane frå Fjellvegen til toppen av trappene ved Sandviskpilen ei rekkje gonger. Best gjorde han det i 2002, då han gjekk til topps i konkurransen.

- Eg er stolt over å ha vunne Stoltzen opp, men bestetida mi er frå året før, då eg sprang på 9,25, fortel norenesingen.

I morgon har han som mål å forsera dei 300 stigningsmetrane på kring 9,30.

- Eg har vore i god form i sommar og gjorde det nett veldig bra i Lyderhorn opp. Ei topp-tre-plassering i klassen for menn 40-44 år bør vera innan rekkjevidde, meiner Skaten.

Fleire sterke løparar

Blant klubbvenene i Opptur meiner Skaten det er fleire som kan hevda seg.

- Stein Kjetil Hefte, Kjetil Styrvoll, Marianne Flister og Britt Skeie kan alle nå opp i sine årsklasser. Dessutan vert det spennande å sjå kva unge Erik Vaktskjold kan prestera. Han er debutant og kan absolutt hevda seg i 12-14 årsklassen, seier Skaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Sprek og Blid Os, Nore Neset IL og Hålandsdal IL stiller med utøvarar i årets utgåve av Stoltzen opp.