Nore Neset gutar 14 tapte diverre mot Nøtterøy i 64-delsfinalen i B-sluttspelet.
Nore Neset gutar 14 tapte diverre mot Nøtterøy i 64-delsfinalen i B-sluttspelet.

Stor Nore Neset-gjeng i Dana Cup

Heile 72 spelarar frå Nore Neset er i aksjon i Dana Cup denne veka. Totalt er det fleire hundre norenesingar som har tatt turen til Danmark.

Gutar 16 bur på skule, resten bur på Grønhøjstrand eller i området rundt. Dei spelar kampane i Hjørring, vel ein halvtime frå Grønhøjstrand. Med ein så stor gjeng samla, blir det stor støtte frå sidelinja.

- Det er alltid nokre norenesingar og ser på kampane. Vi reiser rundt og ser på kvarandre sine kampar. Det er gøy med så mange lag samla, fortel Kenneth Hufthammer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt samhald

Det at dei fleste er samla på same plass sørgjer for god aktivitet også utanfor bana. På spørsmål om det er eit godt samhald og at norenesingane har det kjekt når fotballen er lagt bort, er svaret kontant.

- Sjølvsagt! Ungdommane har det kjempekjekt her nede. Det er masse å finna på før og etter kampane, seier Hufthammer.

Blant aktivitetane på Grønhøjstrand er minigolf, symjehall og eit spelerom.

Filip Fosen, Caspar Klett Døsen, Håvard Benjaminsen, Sverre Spangelo Haga, Håvard Skeie, Jonas Kvinge Austevoll, Sivert Arne Lillefosse, Nora Kvinge Austevoll, Isak Skåtøy, Emil Pedersen Matre, Andreas Hevle, Johan Døsen Borgen, Eivind Haukadal og Marcus Åsheim.
Filip Fosen, Caspar Klett Døsen, Håvard Benjaminsen, Sverre Spangelo Haga, Håvard Skeie, Jonas Kvinge Austevoll, Sivert Arne Lillefosse, Nora Kvinge Austevoll, Isak Skåtøy, Emil Pedersen Matre, Andreas Hevle, Johan Døsen Borgen, Eivind Haukadal og Marcus Åsheim.
Nore Neset gutar 15 kom seg til A-sluttspelet, men tapte mot danske Skibsby-Højene i 32-delsfinalen. Her frå gruppespelkampen mot Ham-Kam som enda 1-1.
Nore Neset gutar 15 kom seg til A-sluttspelet, men tapte mot danske Skibsby-Højene i 32-delsfinalen. Her frå gruppespelkampen mot Ham-Kam som enda 1-1.

Internasjonal cup

Det kjem lag frå fjernt og nært for å spela i Dana Cup. Nore Neset-laga har møtt spelarar frå fleire kontinent, og det gjer reisa ekstra gøy.

- Vi har mellom anna møtt lag frå Mexico, Ghana og Tyskland. Fleire av desse landa har akademi der dei plukkar ut dei beste spelarane. Det mexicanske laget var eit døme på det. Dei var frykteleg gode, fortel Hufthammer.

Vinn eller forsvinn

No er blåtrøyene komen eit stykke ut i turneringen. Gruppespela er ferdige, og laga må prestera i kvar kamp for å få vera med vidare.

- Det er no det gjeld! Laga spelar fleire kampar om dagen no, så det er spanande, seier Hufthammer.

Folket på Grønhøjstrand reiser heim att på laurdag, medan gutar 16 reiser heim på sundagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

2 til A-sluttspel

Eitt av Gutar 16-laga og gutar 15 gjekk vidare til A-sluttspelet. Der vart det tapt for dei yngste, medan dei eldste vann på straffekonkurranse. Tre av dei andre laga skal spela dei fyrste kampane i B-sluttspelet seinare i dag.

- Det er gøy å koma langt i turneringa. Kjem vi til åttandedelsfinalen er vi kjempenøgde. Vi håpar at flest mogleg Nore Neset-lag tar seg langt. Det er kjekt å ha kampar å sjå på heile tida, seier Hufthammar, som er leiar for gutar 16-laget.

Dei spelar 16-delsfinale i kveld.

Oppdatering: Gutar 15-laget som gjekk til A-sluttspelet, vann kampen torsdag kveld og skal spela åttandedelsfinale 08.45 fredag.