Sterke Fusa-resultat i Kvalfoss-sprinten
Skiskyttarane frå Hålandsdal IL gjorde det skarpt i Kvalfoss-sprinten i Oslo i helga.
Laurdag stod sprint på programmet, med 13-16-åringar frå heile landet på startstreken i Holmenkollen. Og HIL gjorde det veldig bra!
Åtte blant dei 20
Guro Femsteinevik kapra 3. plassen i klassen J13. Hedda S. Kåsa (J15) og Eirik Hjartnes (G15) kom på sterke 4. plassar i sine klassar. Kristi S Gjelland kom på 10. plass i klassen J13. Øyvind H. Halvorsen kom på 12.plass i G15-klassen. I klassen Gutar 13 år kom Kristoffer H. Rød på 16. plass og Anders Rød på 18. plass. Maria H. Rød sikra seg 18. plassen i klassen Jenter 16.
Artikkelen held fram under annonsen.
HIL hadde dermed åtte utøvarar som plasserte seg blant dei 20 beste i klassen sin laurdag.
- Det er sterkt med tanke på at klassane har opp mot 100 deltakarar. Og farten i sporet var stor for alle dei 10 HIL-utøvarane som var med på laurdagens sprint. Otto Femsteinevik suste inn til 40.plass i klassen gutar 16 år og Stine H. Halvorsen kom på 46. plass i klassen J13 år, fortel Kari Hjartnes.
Gode løp også søndag
Søndag var det Anders Rød som gjorde det aller best av HIL-gjengen i Holmenkollen. Han skaut 7 treff, gjekk raskt i sporet og suste inn til ein flott 8. plass i klassen Gutar 13 år.
Guro Femsteinevik fekk litt fleire bom søndag enn laurdag, men klarte likevel 10. plassen i klassen Jenter 13.
- Stine H. Halvorsen gjorde også eit flott løp. Med sju treff og god fart heldt det til ein 20. plass i same klassen som Guro, rapporterer Hjartnes frå Oslo.