Sterk Opptur-innsats i Xtrem Eidfjord
Stein Kjetil Hefte, Klas Færøvik og Geir Storetvedt Skaten vann alle sine klassar i Xtrem Eidfjord laurdag.
Dei tre løparane frå Opptur Motbakkeklubb gjorde det verkeleg sterkt i det tøffe Hardangervidda-løpet.
Geir Storetvedt Skaten sprang halvmarathon-løpet, eller nærare bestemt 22,5 -kilometer-løpet. Her tok han seg frå Eidfjord til Fossli ved Vøringsfossen på imponerande 2.14,24. Norenesingen vart med det suveren vinnar av både klassen sin og løpet som sådan. Vel 50 deltok i dette løpet
Artikkelen held fram under annonsen.
Sitt livs løp
For Stein Kjetil Hefte og Klas Færøvik sin del var det heilmarathon som stod på programmet.
Dei to fullførte det 44,5 kilometer lange fjell-løpet på imponerande vis.
Raskast var Færøvik som med tida 4.40,06 vann klassen for herrar 45-49 år og vart nummer 13 av dei totalt nær 200 deltakarane.
- Eg er strålande nøgd med løpet. Spesielt dei siste 22 kilometrane. Då gav eg gass og passerte veldig mange, fortel 45-åringen
Blant dei han passerte var osingen Thomas Andersen og motbakke-rådyret Håvard Austevoll.
- Det er eit steintøft løp med kring 1.000 m stigning i løpet av tre km. Det er enormt mykje som skal klaffa dersom ein skal gjera det bra. Thomas og Håvard hadde tydelegvis ikkje dagen. Det hadde eg, seier ein svært nøgd Færøvik.
Han sprang distansen 22 minutt raskare enn i fjor, og nøler ikkje når han skal rangera løpet.
- Alt i alt er det mitt beste løp nokosinne. Det er utruleg motiverande å ha slike dagar. Det er slikt me trenar for, seier Færøvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Best i 55-59-klassen
Stein Kjetil Hefte sprang fulldistansen på 5.14,17 og vann med det klassen for herrar 55-59 år.
- Det er råsterkt av Stein Kjetil. Han er 57 år, men mosar mange yngre sprekingar, skryt Færøvik.
Raskast av samtlege på fulldistansen på Hardangervidda var Tommy Haga frå Sogndal IL. Han nådde mål på utrulege 3.43,53.