Sterk Lysekloster-delegasjon i Nornalekene
Heile 18 unge friidrettsutøvarar frå Lysekloster deltok i Nornalekene i helga.
Godt over 500 deltakarar var i aksjon under Nornalekene i friidrett i Leikvanghallen i Åsane i helga. Blant desse var 18 unge frå Lysekloster IL.
Dei blåkledde deltok i fleire øvingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nye medaljesankarar
For 11-åringane er det første sesong med rangering og premiar. Dette motiverte Louis Botnevik Eichoff og Samuel Hansen til å bli dei første medaljesankarane i denne klasssen. Louis tok gull i kulestøt (7,30 m), sølv i lengde med 2,96 m og femteplass på 60 m.
Samuel tok sølv i kulestøt med 6,77 m og presterte i tillegg bra på 60 meter og i lengde. Dette var Samuels første friidrettsstemne nokosinne.
Også jentene leverte gode resultat i 11-årsklassen. Isabell Eriksen persa på 60 m med tida 9,80. Dette heldt til fjerdeplass. Emilie Morken sprang på 10.80, medan Jenny Bos sprang på 10,64.
Jentene hevda seg også i lengde, og Jennie debuterte på 60 m hekk og i tresteg.
Superhelg for Aksel
I 10-årsklassen hadde Aksel Sørstrømmen ei superhelg med personleg rekord på alle øvingane han deltok i. Han var beste 10-åring i høgde (1,12 m) og lengde (3,14 m). I tillegg gjorde han gode konkurransar på 60 m (10,47) og 200 m (35,56).
Mika Stakkeland leverte også ein flott lengdekonkurranse i denne klassen. Han var like ved å setja ny personleg rekord.
I klassen under 10 år er det fokus på meistring og øving. Her debuterte Ingrid Jørgensen Drange, Oscar Djupvik Søreide og Ludig Våge Fosså. I tillegg deltok Askil og Alida Bjelle, Herman og Haakon Gjerde Onstad, Elias Morken, Emilie Botnevik Eckhoff, Kine Eriksen og Elise Bos.
– Heile gjengen leverte super innsats og fleire sette nye, personlege rekordar. Me i trenarteamet er veldig glade for å sjå utviklinga borna har og kor kjekt dei har det i lag, konstaterer trenar Maria Bos.
Artikkelen held fram under annonsen.
Neste stemne for friidrettsgjengen på Lysekloster er Pingvinlekene helga 10.-11. februar.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no