Sterk innsats over Vidda
Opptur Motbakkeklubb markerte seg sterkt i Bergen Fjellmaraton torsdag. Geir Skaten vann igjen sin klasse.
Fleire av dei mest kondisjonssterke utøvarane frå Opptur Motbakkeklubb var torsdag i aksjon i Bergen Fjellmaraton.
Totalt 1.500 løparar var med på det 21 km lange løpet over Vidda i Bergen. Tre osingar var imponerande raske.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny klassesiger
Best gjekk det nok ein gong for Geir Skaten. Norenesingen kom seg gjennom den kupérte og tøffe løypa på sterke 1.47,26. Dette heldt til siger i klassen for menn 40-49 år, og femteplass totalt.
Klas Færøvik deltok i same klasse og gjorde også eit sterkt løp. Han nådde mål på Skansemyren til tida 1.59,14, ei tid som gav han tredjeplass i klassen, og 20. plass totalt.
Unge Andreas Skulstad Størkson vann sin andre klassesiger for sesongen. Han var best blant deltakarane i klassen for gutar 14-15 år. Norenesingen sprang den krevjande løypa på sterke 2.12,38.
Raskast av samtlege frå Montana - opp Ulriken, over Vidda og ned til Skansemyren, var Stian Amund-Vik frå Varegg. Han gjorde distansen unna på 1.34,57.