Sprint- og samanlagtsiger i Kvalfoss-sprinten
Det vart ei stor helg i Oslo for HIL-utøvar Eirik Hjartnes. 14-åringen vann både sprinten og samanlagtsigeren i årets Kvalfoss-sprint.
Det var stort for Eirik Hjartnes då han gjekk til topps på sprinten i Holmenkollen laurdag. Endå større var det då han fekk overrekt Eirik Kvalfoss sin vandrepokal for samanlagtsigeren i 14-årsklassen søndag ettermiddag.
Skiskyttar-legenda frå Voss bad namnebror Eirik helsa heim til skiskyttarbygda Hålandsdal. Samstundes vedgjekk han at han var imponert over den gode skiskyttar-rekrutteringa i Fusa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stor happening
For utøvarar i alderen 13 til 16 år er Kvalfoss-sprinten ein av dei største skiskyttar-konkurransane i landet. Tradisjonen tru gjekk arrangementet også i år av stabelen i Holmenkollen i Oslo.
Kvalfoss-sprinten går over to dagar. Laurdag var det sprint, søndag normalprogram.
- For 13-14-åringane er nok dette årets happening, eit aldri så lite slags NM. For 15-16-åringane er hovudlandsrennet i mars hakket større, seier trenar for 13-16-åringane i Hålandsdal IL, Vidar Hjartnes.
Han hadde seks utøvarar med seg til Holmenkollen. To kom seg aldri av garde.
- Det var ein som vart sjuk. Ein annan vart ståande på Bergen Lufthavn då flyet vart innstilt grunna ekstremvêret Tor, fortel Vidar Hjartnes.
Ni treff og siger
Som trenar gler han seg over alle dei seks utøvarane sin gode resultat, men ekstra spesielt var det nok at sonen Eirik gjekk heilt til topps både på sprinten og samanlagt i klassen for gutar 14 år.
- Det er ganske stort for ein 14-åring å vinna Kvalfoss-sprinten samanlagt. Me hadde så absolutt å gjera med ein stolt gut i går ettermiddag, fortel pappa Vidar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han kan ikkje hugsa at ein gut frå Hålandsdal IL har gått til topps samanlagt i denne konkurransen tidlegare.
- Det er mogleg at me har hatt ei jente eller to som har vunne, men etter det eg veit er Eirik den første guten frå idrettslaget vårt som får låna vandrepokalen til Eirik Kvalfoss, seier Vidar.
Eirik gjorde grunnlaget for sigeren då han vann laurdagens sprint. Med ni treff og eit solid og godt langrenn var han best i 14-årsklassen. Under søndagens normalrenn skaut han åtte treff og vart nummer fire. Til saman heldt det altså til siger.
Øvre del av lista
Dei fem andre Hålandsdal-løparane som var med markerte seg også bra i Holmenkollen.
Best av desse var det Erlend Solvang og Katarina Aarseth som gjorde. Begge tevla i 16-årsklassen og begge noterte seg for ein 16. plass som beste plassering.
Øyvind Halvorsen debuterte i Holmenkollen. Han noterte seg for 27. plass i 14-årsklassen på normalen.
Håvard Bjørndal gjekk i 16-årsklassen og vart nummer 34 på sprinten.
Hedda Singelstad Kåsa var med for første gong og kom bra frå debuten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det neste for 13-14-åringane vert nye renn i Glalaks-cupen. Elles er det Liatoppsprinten i april, med over 1.100 deltakarar som vert det siste store.
For 15-16-åringane er det hovudlandsrennet i Bardufoss i mars som vert årets høgdepunkt.