Jeanette Epland trenar og kosar med vesle Milian samtidig.
Jeanette Epland trenar og kosar med vesle Milian samtidig.

Spreke, sveitte og nybakte mødre

Kvar tysdag møtest nybakte mødre til treningsdyst i Kolskogen. - Men ein treng ikkje vera sprek for å delta, seier instruktør Solrun Laastad.

Vesle Kaia på snart tre månader er med mamma på trening. Slik er det når mor heiter Solrun Laastad og elskar å trena.

Dei små nurka ligg på rekkje og rad på treningsmatter bortetter. Det vesle rommet i 24FitClubs lokale i Kolskogen er ikkje større enn det må vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det ikkje travelt å stå opp og trena når ein kanskje knapt søv om natta?

- Jau, men no begynner ikkje vi før klokka 12.30. Det er ein grunn til vi at startar godt utpå dagen, smiler Solrun og geispar. Det vart visst lite søvn på henne òg i natt.

Over høgtalarane dundrar Madonnas «Hung up» - sånn passe høgt.

Treningsinstruktør Solrun Laastad synest det er deilig å trena sjølv om det berre er tre månader sidan ho vart mamma igjen.
Treningsinstruktør Solrun Laastad synest det er deilig å trena sjølv om det berre er tre månader sidan ho vart mamma igjen.
Anastasia Olsen kosar med sonen Thomas Alexander.
Anastasia Olsen kosar med sonen Thomas Alexander.
Vesle Milian synest det er topp å vera med mamma på trening.
Vesle Milian synest det er topp å vera med mamma på trening.
Solrun Laastad gjev vesle Kaia ein kos samtidig som ho trenar styrke.
Solrun Laastad gjev vesle Kaia ein kos samtidig som ho trenar styrke.

- Hugs at ingen vert stressa av at din baby skrik litt. De må føla dykk frie til å byssa eller trøsta etter behov, seier Solrun og køyrer i gang med oppvarming og knebøy.

- De må sjølv kjenna etter kva øvingar som går greitt. Det viktigaste er at vi blir varme, seier ho.

Skeptisk

Vesle Thomas Alexander er ikkje så begeistra for verken musikken eller dei hoppande damene. Litt skeptisk byrjar han å gråta. Mamma Anastasia Olsen trøyster og kosepratar innimellom spretthoppa.

Det tek ikkje lang tid før ein sveitt eim ligg over rommet. Dei 15 damene, og nesten like mange babyane, er blitt varme i trøya og klare for styrketrening.

- Om de vil kan de halda babyen inn til dykk for litt ekstra vekt, oppmuntrar Solrun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjengen trenar og gymmar i nærmare ein time. Deretter er det klart for prat og smoothie.