Spår ei lys framtid for fotball-damene
Det blei ikkje opprykk for Os/Nore Neset-damene i år, men kaptein Trine Lund trur ikkje det er mykje som skal til for at dei snart tek steget opp ein divisjon.
- Etter at me slo serieleiar Åsane for nokre rundar sidan, så verka det som at piffen gjekk litt ut av oss. Me har berre oss sjølv å takka for at me ikkje rykker opp i år, seier ho.
Men det er ikkje sikkert at dei må venta så lenge med å ta steget opp i 3. divisjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har mange gode, unge fotballspelarar, og det gror godt i klubben. Det er fleire yngre spelarar som trenar med oss av og til. Eg har inntrykk av at styret ikkje vil sleppe dei yngre spelarane tidleg opp på A-laget, men eg trur berre det hadde vore bra for dei og for laget. Så det håpar me at det vert ei forandring på, smiler ho.
Få spelarar
Etter 2-1-sigeren borte mot Åsane, har damene vunne ein kamp og tapt tre. Med full utteljing i desse kampane, ville damene toppa tabellen. Litt av problemet er den tynne stallen. På treninga i kveld var det berre åtte damer i sving.
- Dette er færre enn me plar vera. Nokre av damene slit med skader, og så er det eit par som vekke grunna sjukdom, seier oppmann Tore Nøss.
Men sjølv når alle er friske, er troppen tynn, og på kampdagar er det ikkje så mange som sit på innbytarbenken.
- Me plar vera 13-14 spelarar på kampane. Det er litt i minste laget, og det gjer at me ofte må rokkera på plassane, noko som ikkje er heilt heldig, seier Lund.
Gjorde comeback i 2013
Os-kapteinen er inne i sin tredje sesong etter at ho gjorde comeback som Os-spelar i 2013. Ho er del av den frykta 1990-91-generasjonen som vart krinsmeistrar og vann bronsemedalje i Norway Cup.
- Me er berre eit par spelarar att frå 1990-91-generasjonen. Nokre har flytta vekk, medan andre ikkje spelar fotball lengre. Eg har prøvd å overtala fleire av dei til å koma tilbake. Det hadde vore kjekt å spela med dei igjen, seier Lund.
"Gamle-Linda"
Damene har eit stort og godt team kring seg. Det er litt av grunnen til at Lund seier at spelarane ikkje kan skulda på nokon andre enn seg sjølv for at opprykket ikkje vart noko av i år. Rune Balland er trenar, og tidlegare i sesongen kom Jan Terje Lund, som var trenar for 1990-91-generasjonen, tilbake for å vera med rundt laget. Veteran Linda Johansen, som har passert 40 år, er framleis med som spelar og lagleiar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sist eg var Os-spelar kalte eg Linda for "gamle-Linda", fordi det var to som het Linda på laget. No er ho verkeleg "gamle-Linda", smiler Os-kapteinen.
Lysande framtid
Sist, men ikkje minst, så er Nøss ein viktig mann for damene.
Han har vore med damelaget i ti år, og meiner framtida ser lys ut for damefotballen.
- Me er veldig glade for at Os Fotballønskjer å styrka arbeidet rundt damefotballen. Det er mange gode spelarar på A-laget, og det er mange talent på veg opp, så framtida ser lys ut, seier han.