Spansk fotball - til inspirasjon for unge og vaksne

Med instruktørar frå Atletico Madrid var det fleire enn dei 33 fotballskuleelevane som koste seg på Lysekloster denne veka.

Det er nett så dei ikkje får spanksesjuka på Lysekloster. For fjerde året arrangerte klubben denne sommaren spansk fotballskule, og med instruktørar frå høgste nivå i det spanske ligasystemet vert det inspirerande både for unge og vaksne.

- Både Carlos Cuesta og Juan Corone jobbar i ungdomsavdelinga til Atletico Madrid. Dei sit på ein enorm kunnskap, og dei siste fem dagane har dei trena 33 dedikerte fotballskule-elevar her, samt hatt ei trening med oss på A-laget, fortel Ståle Steen Sæthre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flinke med spelarane

I lag med Denis Ljubovic og Martin Eidsvik var han med på samtlege økter som spanjolane køyrde. Sæthre er imponert.

- Snakk om kunnskapsrike og hengjevne, hyggjelege folk. Reint fotballmessig imponerer dei med eit stort utval øvingar med ball. På det personlege planet legg me alle merke til kor flinke dei er til å sjå kvar enkelt spelar, og heile vegen fora dei med gode tips og råd.

Denis er kjent med treningsmetodane frå Kroatia.

- For meg var det veldig kjekt å ha dei på treninga på måndag. Eg kjenner dei fleste av øvingane frå heimlandet mitt. Eg er veldig tilhengjar av det å gjera dei fleste øvingar med ball, understreker Lysekloster-stopparen.

Favorittklubben

Deltakarane i 12-14 årsalderen var mest happy med alle spel-øvingane.

- Nokre av dei trekant- og firkant-øvingane var nye for oss og spennande, men mest kjekt er det å spela slik me gjer i dag - småspel på liten bane, seier Fillip Fjellberg og Lucas Eide Døsen.

For førstnemnde var det ekstra stort å bli trena av Atletico Madrid-trenarar.

- Atletico er laget mitt. Det er dei eg heiar mest på av utanlandske lag, seier Fillip.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kunne nok tenkt seg å slå følgje med Lysekloster-instruktørane i november.

- Martin, Denis og eg har fått avtale om å få vitja klubben etter sesongslutt her i Noreg. Då skal me få omsyning på banen, på campusen, sjå A-lagstreningar og kampen mellom Atletico Madrid og Sevilla, fortel ein oppglødd Sæthre.

- Får de prøvespela også?

- Ingen kommentar, flirar fusingen.