Ottar Skarstein gjekk sin 38. av 38 moglege Ulvenmarsjar. Han var også først rundt Skeie laurdag.
Ottar Skarstein gjekk sin 38. av 38 moglege Ulvenmarsjar. Han var også først rundt Skeie laurdag.

Solrik turdag for store og små

Klokka to i dag starta den 38. utgåva av Ulvenmarsjen. I år var også vêrgudane med dei turglade osingane.

Då «Os og Fusaposten» kom til Os Ungdomsskule ein halvtime før den offisielle starttida, var det allereie folk uti løypa. 

- Dei fyrste kom allereie kvart på eitt, men vi kunne ikkje sleppa dei ut før kvart over, seier hovudansvarleg for arrangementet, Erling Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Den tidlegare kappgangaren vona at opp imot 500 deltakarar ville gjennomføra dei 14 kilometerane rundt Os.  

- I fjor var vi rundt 440 og vi vonar at det kjem nokre fleire i år, fortel Andersen.

Hallvard Fykse Gullbrå og Eirik Spangelo-Haga sprang dei 14 kilometerane rundt Os.
Hallvard Fykse Gullbrå og Eirik Spangelo-Haga sprang dei 14 kilometerane rundt Os.
Ivar Nilsen, Julie Stolt-Larsen og Irene Stolt-Larsen gjer seg klare til å gå ut frå start.
Ivar Nilsen, Julie Stolt-Larsen og Irene Stolt-Larsen gjer seg klare til å gå ut frå start.
Leah Bårdtveit, Mariell Bastiansen og Isabell Hjortland gjekk marsjen for høvesvis fyrste, fyrste og åttande gong.
Leah Bårdtveit, Mariell Bastiansen og Isabell Hjortland gjekk marsjen for høvesvis fyrste, fyrste og åttande gong.
Maria Rynning, Anna Martine Mjånes, Michelle Beracis, Mari Bunæs, Ida Blindheim, Vilde Rynning og Mira Færøy.
Maria Rynning, Anna Martine Mjånes, Michelle Beracis, Mari Bunæs, Ida Blindheim, Vilde Rynning og Mira Færøy.

Bergen City Marathon og Skarvarennet har tidlegare gjort at nokre deltakarar har droppa Ulvenmarsjen, men i år er ikkje arrangementa lagt til same helg. Stilcup kolliderer dessverre med den tradisjonsrike marsjen, men Andersen fortel at det er fleire ivrige som stiller opp på begge delar.

Tradisjon

Nore Neset Skule er fast saftstasjon kvart år. Ottar Skarstein var dagens fyrstemann ved mellomstasjonen. Skarstein har i lag med Britt Eva Brurås, John Hope, Barbra Nymark, Nina S. Sælen og Otto Tysseland gått alle åra Ulvenmarsjen har vore arrangert. 

- Kvifor har du gått Ulvenmarsjen i alle desse åra? 

 

- Det starta med at eg skulle støtta idrettslaget. Etter kvart vart det ein slags gimmick, fortel Skarstein, som rekna med å bruka rundt 2 timar på turen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulvenmarsjen er ein tradisjon hos mange, og hos nokon så går den vidare med generasjonane. 

- For oss er det blitt ein tradisjon. Mamma (Britt Eva Brurås) har gått alle gongene, og da måtte nesten vi byrja å gå også, fortel Victoria Brurås.

Ny spenning

Den eldste som går Ulvenmarsjen kvart år får eitt isfjell av glas. De siste åra har Lotte Lise Scheie stukke av med prisen, men etter hennar bortgong er det igjen spenning kring kven som vert den eldste turgåaren. 

- Eg reknar med at eldstemann må vera i alle fall 85-86 år, tippar Andersen.

 

- Det er fleire som er i den aldersklassen, så det vert spanande å sjå kven det blir, legg han til.

 

Konkurranse

Søndag er det duka for konkurranseklassen i kappgang. Joakim Sælen har vunne dei siste fire åra, og kan dermed ta sin femte siger på rad om han vinn igjen i år. Det er det ingen av menna som nokon gong har klart. Nærast er Erling Andersen med fire sigrar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Til mitt forsvar så starta vi ikkje med konkurranseklassen før eg hadde lagt opp som utøvar, smilar Andersen.

Han reknar med at det vert omkring fem utøvarar som stillar til start i årets tevling søndag.