Strandviks G15-lag slo eit av dei rivaliserande laga, og klarte å halda på 2. plassen til seriespelet var over. No gler dei og trenar Kåre Mol seg til NM i Kristiansand.
Strandviks G15-lag slo eit av dei rivaliserande laga, og klarte å halda på 2. plassen til seriespelet var over. No gler dei og trenar Kåre Mol seg til NM i Kristiansand.

Solid sesongavslutning for Strandviks U15-lag

I helga gjekk siste serierunde av stabelen for Strandviks volleyballag. Både gutane og jentene kan sjå tilbake på ein strålande sesong, og til helga venter NM i Kristiansand for begge U15-laga.

- Det er historisk for Strandvik at vi har to lag kvalifisert for NM. Spelarane gler seg, det gjer også trenarar og foreldre. Vi kjem til å reisa ein heil gjeng. 20 spelarar og foreldre kjem til å laga liv i Kristiansand, seier Merita Mol, som er trenar for begge laga i tilleg til jenter U13.

Interesserte og lærevillige

I helga var gutelaget i Norheimsund for å spela sine siste seriekampar for året. Kåre Mol er eigentleg hovudtrenaren deira, men då han var vekkreist, var det Merita som leia gutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gutane har lagt på andreplass så å seia heile sesongen. Siger over eit av rival-laga, gjorde at vi også fekk 2. plass til slutt. Med tap der hadde det fort blitt ein tredjeplass, seier Mol.

Lagleiinga har ikkje hatt stort fokus på plasseringa, men heller å utvikla spelarar og halda på den gode gjengen med ivrige, lærevillige volleyball-gutar.

- Det er ni spelarar i laget, og dei trenar med U17-gutane. Totalt er det 12-13 spelarar. Vi fokuserer på å gje dei eit godt tilbod. Det er ein veldig fin gjen, som er ivrige til å trena, i tillegg til at dei er interesserte og villige til å læra.

U15-jentene vann alle kampane sine i avslutningshelga. Der var det uhyre jamt, og jentene var berre eit par poeng unna å vinna serien.
U15-jentene vann alle kampane sine i avslutningshelga. Der var det uhyre jamt, og jentene var berre eit par poeng unna å vinna serien.
Gutar U13 tok gull i årets sesong!
Gutar U13 tok gull i årets sesong!
Jenter U13, her i lag med trenar Merita Mol, tok også gull!
Jenter U13, her i lag med trenar Merita Mol, tok også gull!

To poeng unna gull

Jentene var i Øystese. Dei vann alle kampane sine i avslutningshelga. Der var det uhyre jamt, og jentene var eit par poeng unna å vinna serien.

- Førsteplassen avslutta med 100 poeng, andreplassen hadde 99 og vi hadde 98. Det er eigentleg ein overraskande tredjeplass. Grunnen til at det ikkje blei gull, meiner eg er fordi vi begynte i 2. divisjon, så rykka me opp med ein gong, og sidan har jentene vunne det dei har vore med på. Jentene er som gutane veldig flinke til å trena.

Kan slå mange lag

No gler Merita og heile Strandvik-leiren seg til avreise til Kristiansand torsdag.

- Det blir veldig spanande. Det er vanskeleg å seia noko om nivået på førehand, men eg trur vi skal klara å vinne nokre kampar. På vårt beste kan vi slå veldig mange lag, men så er det slik at i eit ungt miljø vil det alltid vera litt variabelt spel. Vi satsar på å vinna eit par kampar og ha det kjekt. Det er alltid stas med NM, seier Merita.

Strandvik IL kan også gle seg over at både gutane og jentene i U13 tok gull i årets sesong.