Stian Lunde vart nok ein gong Os A-lags første målskårarar laurdag.
Stian Lunde vart nok ein gong Os A-lags første målskårarar laurdag.

Solid heimesiger på Kuventræ

I lys av at fleire hadde 120 minutt med cupkamp i beina gjorde Os-spelarane ein solid prestasjon på Kuventræ i dag. 4-0 var kanskje til og med i minste laget av kva dei gul-svarte fortente.

For sjølv om ein del spelarar tydeleg var prega av onsdagens marathon-kamp mot Lysekloster var Os A-lag klart best heime mot Austevoll. Fiskarane frå sør hang bra med det første kvarteret, men etter det hadde Os full kontroll.

1-0 kom ved Stian Lunde i det 18. minutt. Veteranen spelte vegg og var iskald då han kom åleine med Austevolls sisteskanse. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter gjekk det knappe to minutt før Marius Mikkelsen gjorde vondt værre for sine gamle lagkompisar på Austevoll. 2-0-målet ordna han med eit nådelaust hovudstøt etter hjørnespark frå Erik Kanestrøm.

Gentlemannen lét vera å jubla all verda.

- Det var moro å skåra, men eg heldt litt igjen for gamle veners skuld, seier den sympatiske midtbanespelaren.

Marius Mikkelsen oppe og stongar inn 2-0 mot sine tidlegare lagkameratar på Austevoll.
Marius Mikkelsen oppe og stongar inn 2-0 mot sine tidlegare lagkameratar på Austevoll.
Tonje Lindbom feira 18-årsdagen sin med å gå med vener og sjå på Os-kamp. Seinare på kvelden skulle ho feira dagen med 30 inviterte gjester.
Tonje Lindbom feira 18-årsdagen sin med å gå med vener og sjå på Os-kamp. Seinare på kvelden skulle ho feira dagen med 30 inviterte gjester.
Anders Havsgård kom inn og skåra Os sitt fjerde og siste mål  i kampen.
Anders Havsgård kom inn og skåra Os sitt fjerde og siste mål i kampen.

Høgare tempo

Austevoll var som vendta sterke fysik og jobba godt i forsvar. Osingane spelte etter kvart fleire hol i forsvarsmuren til gjestane, og imponerte i tillegg med svært godt gjennvinningsarbeid. 

2-0 stod seg til pause. Deretter heldt dei gul-svarte fram der dei sleppte.

Etter 51 minutts spel kom ein svært løpsvilleg og god Glenn Krossøy seg rundt ved dødlina og la perfekt ut 45 grader til ein ventande Emil Halver. Driblekongen fall ikkje for freistinga å gjera noko spektakulært. Han nøydde seg med å breisida ballen i mål. 3-0.

Deretter var det innbytar Anders Havsgård sin tur. Han fekk nærast same type tilbod som Halver, berre at ballen denne gongen vart slått inn av Knut Spanglo Haga frå motsett side. Havsgård var kald som fisken sjølv og kunne notera seg for sin første fulltreffar for sesongan. 

Det enda 4-0, men burde vore meir. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Både Erik Kanestrøm, Sander Kvittingen og ikkje minst Øystein Takle Eide hadde mange feite tilbod, som dessverre ikkje vart omsett til mål.

Sistnemnde skal imidlertid ha ros for til stadigheit å koma seg i skåringspossisjon.

Fem bytar

Med solid leiing utover i kampen fekk trenar-teamet til Os sjansen til å nytta den nye innbytar-regelen. Det sette nok dei unge gutane på laget pris på. Totalt byta dei full kvote, frå og med i år i 3. divisjon - fem spelarar.

- Det kan bli kluss og rot av å byta så mykje, men me føler spelarane er så pass trygge på posisjonane sine, og rollane dei har i laget, difor kan me gjera slikt som i dag. Dessutan er det sjølvsagt kjekt å gje så pass mange unge talent i ein og same kamp, seier assistentrenar Ørjan Håland.

Blant dei fem som kom innpå var unge Thomas Fosen. Han fekk sin offisielle debut med A-laget og gjorde sine saker riktig så bra dei minutta han fekk spela.

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampfakta

Os - Austevoll 4-0 (2-0)

Plass: Kuventræ

Tilskodarar: 150

Os i 4-2-3-1-system: Adrew Todd - Glenn Krossøy, Adrian Kallekleiv Valle (Håkon Kvittingen frå 45), Torkel Hjertnes, Knut Spanglo Haga, Torgeir Lunde, Marius Mikkelsen (Thomas Fosen 82) - Øystein Takle Eide (Anders Havsgård 85) , Emil Halver, Erik Kanestrøm (Fabian Bødtker 79) - Stian Lunde (Sander Kvittingen 76), Er