Søfteland klar for 5. divisjon
Etter å ha banka på døra i fem år er Søfteland A-lag endeleg klar for opprykk til 5. divisjon.
Den gode nyheiten for STILvoll-gutane vart eit faktum etter at hardaste rival i 6. divisjon avdeling 1, Loddefjord 2, torsdag kveld tapte 3-2 for Kalandseid.
- Det var overraskande. For å seia det slik: Me såg ikkje den koma, humrar keepar Christer Johannessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han og lagkameratane takkar uansett høfleg for handsrekkinga frå lokalrivalen sin i sør.
- Me har ikkje alltid vore like glad i Kalandseid, men dette var kjekt gjort av dei, ler Søfteland-keeperen.
Sjarmøretappar
Men dei grøne og kvitstripa hadde mest sannsynleg ikkje trengt hjelp av nokon. Etter ein litt fomlete start har søftelendingane vunne 13 kampar på rad. Med tre kampar ståande att skulle det skjedd mykje rart om ikkje laget hadde klart opprykket uansett.
- Me har spelt jamt bra den siste tida. No må målet vera å vinna samltege siste "sjarmøretappar", seier Johannessen.
Neste kamp går alt i morgon på Nymark.
- Då møter me Viggo. Me får sjå om ikkje me unnar oss litt champis i garderoben etter kampen, seier Johannessen.