Nore Neset jenter 12 vann sin andre cup-siger på ei veke. (Privat foto)
Nore Neset jenter 12 vann sin andre cup-siger på ei veke. (Privat foto)

Snakk om kickstart

Nore Neset jenter 12 debuterte med 9-ar-fotball for ei veke sidan. Sidan har dei vunne to cupar, skåra 39 mål og ikkje tapt ein kamp.

Nore Neset jenter 2003 er det nye samanslåtte laget til Nore Neset og Søre Neset. Med forsterkningar frå Lysekloster, Øyane og Strøno er laget blitt svært så slagkraftig. Etter berre litt over ei veke har dei rukket å vinna to cupar i 9-ar-fotball.

- Det har gått veldig bra så langt. Det er utruleg treningsvillige og flinke jenter. Me er heldige som får jobba med slike talent, fortel trenar Morten Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med Kenneth Moland, Sverre Johan Fløysand og Eirik Kvittingen har han ansvaret for den sterke årgangen. No gler trenar-teamet seg til komande sesong.

- Desse cupane var eigentleg berre ein kick-off for neste års 9-ar-fotball-satsing. No er sesongen meir eller mindre over, men me ser jo at det berre er å gleda seg til 2016-sesongen. 9-ar-fotballen tek desse jentene på strak arm, skryter Døsen.

Suverene i Fana vintercup

Etter fire treningar i lag debuterte jentene som 9-ar-lag i MX-cup under Nore Neset Dagane for litt over ei veke sidan. Her vart det full klaff med tre puljespel-sigrar før dei vann finalen 4-0 over Nymark.

Os jenter 12 og Nore Neset jenter 12 feira i lag. (Privat foto)
Os jenter 12 og Nore Neset jenter 12 feira i lag. (Privat foto)
Nore Neset-jentene er oppe og hentar pokalen. (Privat foto)
Nore Neset-jentene er oppe og hentar pokalen. (Privat foto)

I Fana vintercup på kunstgrasbanane på Nesttun no søndag var det klart for ei ny 9-ar-cup-bragd for det ferske Nore Neset-laget.

Dei blåkledde vann først sine tre puljekampar mot henhaldsvis Gneist Røyskatt (5-0), Hundvåkøy (3-1) og Fana Mix (3-1). Deretter vart det 3-0-siger over Fana Svanen og 2-1-siger over Hovding i A-sluttspelet.

- Jentene var rimeleg suverene i fleire av kampane, men dei klagde på at 9-ar-banen likna meir på ein 7-ar-bane. Det vart med andre ord litt trongt for 18-spelarar, fortel trenar Døsen.

Innøvde angrep

Sjølv om det var lite rom å spela i, klarte 9-ar-laget til Nore Neset å halda ballen langs bakken.

Slik sett fekk dei til meir og meir finspel utover i cupen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I finalen mot Smørås fekk me sjå flotte angrep, der jentene nytta trekk me har øvd inn på trening. To av måla var resultat av oppspel til spiss, tilbakelegg til midtbane, pasing ut på kant og til slutt innlegg framfor mål. Slike ting er sjølvsagt ekstra gledeleg for oss som trenarar, fortel Døsen.

Jentene vann finalen 3-0. Måla vart skåra av Celina Eide Døsen (2) og Andrine Kvittingen. Lenea Hjelle Fløysand vart kåra til banens beste i finalen.

Dei andre som var i aksjon for Nore Neset jenter 12 var Nora Kvinge Austevoll, Martine Nagelsen Balland, Tuva Berge, Inger Christine Foldrup, Miriam Heltne, Karoline Omdahl Krukhaug, Maria Lekven, Kathrine Li, Malin Solstrand Ludvigsen, Elina Harju Skeie, Thale Strønen Skeie, Vilde Sølberg og Emilie Turøy.

Dobbelt Os-suksess

Men Nore Neset-jentene var ikkje dei einaste osingane som markerte seg i vintercupen til Fana søndag. Os jenter 12 var også i aksjon. Dei tok seg til finalen i B-sluttspelet. Her vann dei på fleire hjørnespark enn motstander Loddefjord, etter at det stod 0-0 ved full tid.

- Me er godt nøgd med innsatsen. Cupen kolliderte litt med nokre handballkampar, så me måtte låna både 2004- og 2005-spelarar. Med så ungt lag, var det ein sterk prestasjon å gjera det så bra, seier Os-trenar Marius Troøyen.