Smilet som stivna
Vegard Leikvoll Moberg fekk ein fantastisk start heime mot Brann søndag. Dessverre for osingen og lagkameratane snudde Brann kampen og vann.
- Det var utruleg surt å gjera ein såpass god kamp, vera såpass mykje betre enn Brann, og likevel stå ribba tilbake utan med så mykje som eitt poeng, seier Vegard.
Osingen spelte heile kampen på sentral midtbane. I lag medsambygding Simen Lassen følte han dei hadde god kontroll.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Brann brukte jo nærast ikkje midtbanen. Dei slo langt eller prøvde seg på kantane. I midten var Simen klart best, skryter Vegard.
Han har verkeleg late seg imponera av osingen etter at han kom til Åsane.
- Me er frå same klubb, men eg har aldri spelt med Simen før i år. Han er ein utruleg god spelar. Han har ein teknikk som me andre berre kan misunna han, seier Vegard.
Uheldige og bortdømt
Åsane kom klart best i gang og tok leiinga alt etter tre minutt ved Joachim Soltvedt. Etter vel halvtimen spelt dobla oransjetrøyene leiinga til 2-0 ved tidlegare Fyllingsdalen og Sogndal-spelar Kristoffer Stephensen.
- Då følte eg verkeleg me hadde full kontroll. Førsteomgangen vår var solid, og me gjekk til pause med fullt fortent leiing, seier Vegard.
Med til historia høyrer det at Åsane fekk eit mål annullert. Det var ei feil dommaravgjerd.
- Me skulle leidd 3-0 til pause, men vert uheldigvis frårøva eitt mål. Med 3-0 trur eg ikkje Brann hadde klart å koma tilbake, seier Vegard.
Han meiner også at hjørnesparket Brann skåra på var feil idømt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I det tilfellet var ikkje ballen ute. Ein kan trygt seia at me ikkje hadde marginane med oss når det galdt linjedommar-avgjerdene, seier 24-åringen.
Berre ein smell
Like før pause måtte den tredje osingen i matchen, Fredrik Heggland, forlata banen. Høgrebacken fekk ein kraftig smell i kneet.
- Det var ein situasjon der eg kom litt seint inn i ein duell og fekk meg ein real smell i kneet. Det var skikkeleg vondt, og eg hadde ikkje sjanse til å spela vidare. Det var knapt så eg kunne gå, fortel Heggland.
Brann-spelaren starta sin andre offisielle A-kamp, og var sjølvsagt svært skuffa over ikkje å få fullføra.
- Det var utruleg kjedeleg, samstundes gler eg meg over at lagkameratane mine leverte såpass bra etter kvilen. At me klarte å skåra tre mål og snu kampen til 3-2-siger er sterkt, sjølv om dette spelemessig ikkje var nokon super kamp, konkluderer Heggland.
Då «Os og Fusaposten» prata med han måndag føremiddag, var han klar for å ta røntgen av kneet.
- Eg trur ikkje det er noko alvorleg. No har eg to veker å trena meg opp igjen på. Eg trur eg skal vera klar til etter seriepausen, seier Brann-spelar Heggland.