Slo tilbake etter tøff start
Os J16 starta med høge skuldrer i helga, men i tredje kamp lausna det, og jentene fekk sine to første poeng i Bringserien.
Laurdag føremiddag møtte Os heimelaget Malvik, som er eit samansett lag av Hummelvik og Malvik, dei to topplaga i Trøndelag-serien.
- Me hamna bakpå frå første sekund, og låg under 15-4 til pause. Jentene spelte med høge skuldrer. Etter pausen klarte dei å slappa av, og var gode både i angrep og i forsvar. Andreomgang vann me med to mål. Kampen enda 25-16. Banens beste var Bente Mjanger, seier trenar Gitte Torp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Thiet Dang med åtte mål
På ettermiddagen møtte Os Ski. Torp skildrar dei som eit sterkt lag med store spelarar. Hadde Os vore litt meir nøyaktige i angrep, trur trenaren at dei fort kunne fått noko med seg frå denne kampen.
- Me spelte i det store og heile ein god kamp. Kombinasjonane sat, men me vart straffa for slurv i angrep. Til pause var stillinga 14-11 til dei, og me tapte til slutt 26-21. Thiet Dang blei toppskårar med åtte mål, og var banens beste spelar, seier Torp.
Den første sigeren
Søndag skulle Os´ første siger i den nasjonale serien koma. Elverom stod på motsett banehalvleik.
- Me leia med eitt til fem mål gjennom heile kampen. Jentene la ned ein solid innsats over heile lina. Etter ein 25-22-siger kunne me sleppa jubelen laus. Mia Torp Nielsen blei kåra til banens beste i denne kampen, seier Torp.
Kondisjon og styrke
Det blei ei stor belasting på enkelte spelarar som stod mykje på banen.
- Me håpar dei neste rundane gjev meir rom for byte. Me har sidan starten av desember trena mykje kondisjon og styrke. Dette kom godt med i helga. Me gjennomførte runden uten skadar, og gler oss til neste runde i Oslo 20.-21. februar, seier Os-trenaren.