Slo tabelltoaren
Etter nokre hektiske avslutningsminutt med grisespel frå gjestande Kleppestø vann Nore Neset-damene 26-24 søndag.
Nore Neset sitt unge damelag har hatt ein noko varierande start på årets sesong i 5. divisjon. På søndag viste dei seg frå ei svært sterk side.
- Me møtte tabelltoar Kleppestø. Dei spelte røft og til tider ufint, men jentene våre heldt hovudet kaldt og vart løna med fortent siger og to nye poeng, oppsummerer trenar Fredrik Andreasen.
Artikkelen held fram under annonsen.
16-åringane tok tak
Etter ein litt klabbete førsteomgang gjekk dei blåkledde til pause med 12-14.
Etter pause vart det mykje varierande spel.
- Andreomgang startar ganske rotete frå begge lag, men medan Kleppestø skårar på sine sjansar, er vi uheldige og treffer stolpane på våre forsøk, fortel Andrasen.
Dei 15-20 siste minutta snur spelet.
- Kleppestø byrjar å spela grisete, men jentene våre held heldigvis roa. Me held fram med å spela vårt spel og dreg fordel av situasjonen, fortel Andreasen.
Kleppestø får ni to-minuttarar, eitt raudt og eitt blått kort i denne perioden.
Overtalet gir oss litt meir pusterom, me får høve til å spela ut angrepa og vinnn til slutt 26-24, fortel trenaren.
Han rosar spesielt den yngre garde for innsatsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Mot slutten spelte me med fire-fem jenter 2000-spelarar. Dei har teke solide steg denne sesongen og utviklar seg for kvar kamp. Nora Berge gjer nok ein god kamp og blir saman med Emma Lyssand toppskårar med sju mål, fortel Andreasen.
Femteplass
Laget ligg no på femteplass i 5. divisjon.
- Me har gode sjansar til å spela oss oppover på tabellen. Den neste månaden skal me spela seks kampar. Med god innsats der kan me kanskje vera med å kjempa i toppen av tabellen før første halvdel av sesongen er ferdig, seier trenaren.