Slo seg laus på første trening
Oscar Gusland var blant ferskingane på barneparti-treninga til Os Karateklubb denne veka. 7-åringen tok utfordringane på strak arm.
Kenneth Svenningsen
Artikkelen held fram under annonsen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Etter skulestart kjem oppstarten for fritidstilboda i Os og Fusa.
Mange born og unge finn vegen til fotballbanen, eller handballhallen av gamal vane. Andre søker seg til nye idrettar eller aktivitetar.
I gymsalen på Os ungdomsskule var det denne veka klart for årets første barneparti-trening for Os Karateklubb. Blant dei frammøtte var ein stille, men nysgjerrig og vågal sjuåring i oransj T-skjorte.
- Oscar ønskjer å prøva ut karate. Det kan tenkjast at han er litt ung, men eg liker at han kastar seg ut i ting og tek utfordringar, smiler pappa Atle Gusland.
Både han og mamma Gerd følgde sjuåringen under treninga.
- Me ønskjer at Oscar skal vera allsidig. Om dette fengjar han, så skal han få lov til å halda fram, seier mamma Gerd.
Einaste utan drakt
Av dei 16 som møter til trening er Oscar den einaste utan drakt. Det ser ikkje ut til å bry han særleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Elevane kjøper drakt sjølve. Men det er heilt ok at dei ikkje kjøper før dei er sikre på å byrja, seier instruktør Dan Soltwedel.
Ein annan som var ny på måndag var Preben Kristoffer Hjelle.
Han hadde kjøpt drakt til første trening.
- Me prøvde å melda han inn i klubben over nettet. Preben Kristoffer verkar å vera overtydd om at dette er sporten for han, seier pappaen.
Også Sensai Cato Bruarøy var på plass måndag ettermiddag. Han gler seg over den gode rekrutteringa.
- No er me bortimot 115 utøvarar. Det er veldig kjekt å sjå at stadig fleire finn vegen til karatesporten, seier han.
Trenar i lag
16 karate-elevar møtte på barnepartiet måndag. Av desse ni jenter.
- Me har alltid hatt mange jenter. Det synest me er kjekt. Dessutan er karate blant få idrettar der jenter og gutar får trena i lag. Det fungerer kjempefint, seier Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også på instruktørfronten er det jente og gut.
- Amanda Njøten og Armin Paloslamovic har vore instruktørar på barnepartiet i to år. Dei utfyller kvarandre svært godt, skryter senseien.
- Me synest det er kjekt å trena dei små. Litt tolmodige må me vera, men etter eit par treningar vert dei fleste godt fokuserte og flinke til å høyra etter, seier Amanda.
I vinter tok ho NM-gull i kumite. Armin har to NM-gull frå tidlegare år.
- Me er veldig glade for å få fram gode utøvarar som er med som instruktørar. Armin og Amanda er gode førebilete for dei som byrjar med karate, seier Bruarøy.
Koordinasjon og leik
Senseien i Os Karateklubb karakteriserer det som føregår på barnepartia som heilt annleis enn det dei driv med på vaksenpartia.
- Det er to vidt forskjellige sportar. På barnepartia fokuserer me på tre ting: Koordinasjon, sjølvdisiplin og meistringsoppleving. Berre i svært liten grad handlar det om sjølvforsvar og kamp, seier Bruarøy.
På treninga denne veka hadde Amanda og Armin «Stiv heks» som oppvarming.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det skal vera leik og moro, men samstundes fokuserer me på at borna skal utvikla god balanse og og god kroppskontroll, seier Bruarøy.
Han meiner utvikling av slike eigenskapar vil koma borna til gode uansett kva dei vil driva med vidare.
- Me er ikkje imot at borna driv med fotball, handball eller annan sport i tillegg. Me synest det er positivt at born er allsidig. Så vel dei sjølv om dei vil ta steget ut og byrja på vaksenpartiet når dei blir 12 år, seier Bruarøy.