Slagkraftig før femte runde
HU-laget til Os har fått fleire forsterkningar denne vinteren. Laurdag er dei klare for to kampar i Bjørnarhallen.
Grethe Søviknes og Ina Kristine Eides mannskap har trena godt etter nyttår og gler seg til den andre spelehelga for året.
- Me har fått eit par nye spelarar som er både gode og ivrige. Det kjekke med å få eit par nykomarar er at dei etablerte spelarane også hevar seg litt, seier mangeårig HU-trenar, Grethe Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Arna skal Os-laget spela to kampar - mot Bjørnar og mot Førde.
- Bjørnar har nesten berre herrar på laget og brukar å vera vanskeleg å slå. Førde vert nok meir overkomeleg, spesielt ettersom me no har storskyttar Magnar Moberg tilbake. Han måtte stå over sist runde, men er no klar for innsats, seier Søviknes.
God trening
Måndag hadde laget si siste oppkøyring før femte runde i Gullserien. Alt tyder på at dei gul-svarte er godt førebudde.
- Me hadde ein veldig fin trening på måndag med fleire tilskodarar som heia spelarane våre fram. Spelarane våre verker å vera i form, seier Søviknes.
Som vanleg avslutta laget med å spela saman med Os jenter 15 dei siste ti minutta av treninga.
- Då lagar me to miks-lag og spelar på stor bane. Dette er veldig lærerikt for HU-spelarane, og noko dei set umåteleg stor pris på, seier Søviknes.
Til Landsturneringa
HU-laget til Os har lange tradisjonar for å markera seg i Landsturneringa. Den store HU-turneringa går i år av stabelen i Stavanger.
- Grunna lang reise stod me over fjorårets turnering på Hamar. I år vert det vesentleg kortare veg, så gjengen kan berre byrja å gle seg. I september skal me til Stavanger og spela Landsturnering. Det er sikkert, seier Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er i ferd med å fullføra sin 21. sesong som HU-trenar.
- Har du planar om å takka for deg, eller held du fram litt til?
- Tja, nei, eg må no halda på litt til. No vert eg snart pensjonist, så då får eg betre tid. Men eg skulle gjerne sett at me var fleire som delte på jobben. I dag er me to. Hadde me vore ein til, gjerne ein mann, så hadde det vore perfekt, seier Søviknes og håpar at ein god kandidat les saka i avisa og kjenner seg kalla til "jobben".