SKULECUPEN: Sekundar frå avansement
Eit enormt comeback og heltemodig innsats sikra Kuventræ-jentene 3-3 på overtid, men det var diverre ikkje nok. Skranevatnet sikra avansement med siste spark på ballen.
Gutane og jentene spelte side om side på kvar sin sjuarbane på Kuventræ i dag. Motstandarane i andre runde av skulecupen var Skranevatnet frå Sandsli, og det stod om avansement til tredje runde.
Det rakna for gutane
Gutanes kamp såg ut til å bli den mest spanande. Laga følgde kvarandre tett heilt til ti minutt inn i andre omgang. Os leia 3-2, men då Skranevatnet utlikna til 3-3, rakna det for heimelaget. 4-3, 5-3, 6-3 og 7-3 følgde tett. Os-gutane var i realiteten ute med knappe ti minutt att. Kampen enda til slutt 8-5 til gjestene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjemeprestasjon av jentene
For jentene var det stikk motsett. Dei låg under 3-0 med om lag 15 minutt att å spela, og såg ut til å gå på eit klart tap. Slik skulle det ikkje bli. Dei gule og svarte kjempa tappert, og fekk utteljing. Etter to reduseringar høyrde underteikna motstandaranes trenar seia; no taper me. Han fekk nesten rett. For Kuventræ utlikna på overtid, og alle trudde det var klart for ekstraomgangar. Diverre for Kuventræ, så var det tid for eitt angrep til. Det resulterte i skåring for gjestene. Sjølv om det nok var bittert, var ein kjempeprestasjon å koma tilbak, noko også læraren presiserte for dei unge fotballentusiastane.
Lokalderby
Dermed vart det altså stopp for både jentene og gutane i årets skulecup. Men det er framleis håp for lokale lag. Onsdag er det nemleg duka for lokalderby mellom ungdomsskulane. Jentene frå Os ungdomsskule tek imot jentene frå Nore Neset på Kuventræ. Gutane frå Nore Neset ungdomsskule tok seg vidare til 3. runde etter å ha slått Fusa ungdomsskule 5-2. Kampdato for neste kamp er uviss.