Eit lite smil etter å ha fått bronsemedaljen i NM i styrkeløft, men eigentleg var Hanne Hagen Rotnes litt skuffa.
Eit lite smil etter å ha fått bronsemedaljen i NM i styrkeløft, men eigentleg var Hanne Hagen Rotnes litt skuffa.

Skuffa trass i NM-bronse

Hanne Hagen Rotnes (27) tangerte sin personleg rekord med eit løft på 130 kilo under NM i styrkeløft i Stavanger i dag. Ho løfta også 137,5 kilo i benken, men det godkjente ikkje dommarane.

- Eg er litt skuffa, ja. Eg gjekk for sølv, men det blei tredjeplass. Eg har sett det siste løftet mitt frå fleire ulike vinkler, og eg kan ikkje sjå kvifor dommarane ikkje godkjente det. Norske dommarar er veldig strenge,  seier Hagen Rotnes frå Odin styrkeløftklubb.

Osingen løfter i -72-kg-klassen, i same klasse som klubbveninne Anna Dorthea Espevik frå Tysnes. Med Espevik i same konkurranseklasse, er det ikkje mykje håp om gullmedaljen. 17-åringen (fyller 18 år i morgon søndag journ.mrk.) har nemleg sette verdsrekord på verdsrekord dei siste åra. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, det er ikkje mykje håp om gull når Anna er med. Det er litt rart å sjå opp til ein 17-åring, men ho er mitt forbilde.

Espevik vann med eit løft på 153 kilo. Ruth Kari Krokeide tok andreplassen då ho løfta 140 kilo. 

VM-debut om fem veker

Om fem veker får osingen sin VM-debut, då VM i styrkeløft går av stabelen i Rødby i Danmark. Målet er å løfta fleire kilo, men Hagen Rotnes har ikkje den heilt store trua på pallplass.

- Eg har som mål å gjera det betre med tanke på talet kilo på stanga. Nivået i VM er høgt, og på nominasjonslista er eg vel rangert som nummer åtte av 13-14 deltakarar. Målet er ny personleg rekord og ei god oppleving, seier osingen med eit smil.