Skiskyting i haustmørkret
Det knatrar i metall denne kvelden på Holdhus. - Du skal sjå når dei byrjar å gå på rulleski, då er det som det flaksar av garde, seier André Bjørndal.
Me er på onsdagstreninga til dei yngste skiskyttarane i Hålandsdalen idrettslag. På sida av skuleplassen lyser remsa med blinkar. På standplass ligg dei yngste rekruttane (9 til 12 år) og siktar på målskivene. Det er snart bekmørkt og skodda kjem sigande.
-Litt varme om dagen og kalde kveldar, då blir det slik, seier Bjørndal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Karusellrenn
Rulleskiløypa har asfalt, og med is oppå no seinhaustes, kan det bli meir spennande enn kva godt er.
- Rulleski har formel-1-dekk utan spor, så når det frys på, er det berre å gløyma det. Då blir det jogging i staden.
Snø er som kjent ikkje så lett å tinga. For to år sidan var det ikkje snø i det heile, medan fjoråret var bra for dei som liker slikt.
- Om det er 5 cm, så er me på banen, fortel Bjørndal.
Hålandsdalen idrettslag driv skiskyting og karusellrenn, det siste er ope for alle interesserte.
Krampe
Den eldste rekruttgruppa er for dei som blir 13- til 16 år i 2016. På måndagane har dei kombinasjonstrening med skyting og rulleski. På onsdagane er det hardøkt og på fredagane er det skyteteknikk og litt rulleski.
- Dei spring til Hammarland og har intervalltrening i bakkane. No har me også fokus på oppvarming med rulleski i løypa. Dei har eitt drag på to minutt, og så er det pause, og så er det bånn spikar igjen til dei spyr eller får krampe, seier Bjørndal, som me reknar med overdriv ein liten smule.
Juniorane - frå 17 år - har eit treningsopplegg i samarbeid med skiskyttarlinja ved Fusa vidaregåande skule. Seniorane har eit eige opplegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Satsing
Dei som skulle lura på om skiskyting er tingen å driva med, kan berre ta kontakt med Bjørndal. Det har vore ein god tilvekst i laget, men enno er det plass til fleire.
- Me har familiemedlemskap og leiger ut våpen og rulleski, fortel han.
Hjelm og klede må medlemene halda sjølve.
Lenger oppe i gradene er krevst det både meir innsats og økonomi. Då må skiskyttarspirene bestemma seg for om dei vil satsa eller ikkje.
Men etter stemninga å døma var det ikkje først og fremst ambisjonar, men godt humør som prega treninga for dei minste denne kvelden.
- Det har alltids plass til fleire, avsluttar Bjørndal.