Amalie, Sofie og Markus har vore i det svært så treffsikre hjørnet dei siste vekene. No gler dei seg til snart å skyta ute igjen.
Amalie, Sofie og Markus har vore i det svært så treffsikre hjørnet dei siste vekene. No gler dei seg til snart å skyta ute igjen.

Skarpskytande ungdomar i vinterform

Os-skyttarane har toppa mange klasselister dei siste vekene. Gode døme på formsterke skyttarar er Amalie, Sofie og Markus.

Det er måndag kveld og stemninga er god i kjellaren på Os Skyte-senter. Utanfor miniatyrbanen sit ei gruppe skyttarar og ventar på tur. Inne frå banen høyrar ein tette skotsalver og hylsane som sprett på betong-golvet.

- Måndagane bruker me å ha ei slags allround-trening her. Då møter alle som vil. Tysdagane er det nybyrjarar og aspirantar, onsdag seniorar og torsdagar for vidarekomne, fortel formann i Os Skyttarlag, Jan Kristian Evensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Treffsikre ungdomar

Inne i det avlukka baneanlegget står formannens døtrer Amalie, Sofie og Maren. I mellom seg har dei ansvarleg for ungdomsgruppa, Anstein Eidsvik.

- Eg må nesten stå her i mellom slik at dei ikkje kranglar for mykje om kven som er best, skjemtar Eidsvik.

Heilt til høgre legg Loke Eide frå seg bøssa og seier seg nøgd med økta. Til venstre for han er Markus Johannessen klar for ein ny runde.

Jan Kristian Evensen rettar på kapsen til skytetrenar for ungdomane, Anstein Eidsvik.
Jan Kristian Evensen rettar på kapsen til skytetrenar for ungdomane, Anstein Eidsvik.
Heile ungdomsgruppa som var på trening måndag kveld.
Heile ungdomsgruppa som var på trening måndag kveld.
Amalie Evensen skaut 250 poeng og 24 innartiarar under krinsmeisterskapen nyleg.
Amalie Evensen skaut 250 poeng og 24 innartiarar under krinsmeisterskapen nyleg.

- Det har vore ein del konkurransar i det siste. Sjølv har me arrangert krinsmeisterskapen og lagsmeisterskap. I begge desse gjekk Markus, Amalie og Sofie til topps i sine klassar, fortel Evensen mellom skota.

Osingane har også skote samlagmeisterskap på Bergen Skytebane.

- Der fekk me to meistrar: Markus vann rekruttklassen og Reidar Dahle vann V73-klassen, fortel Evensen.

Årsbeste i Noreg

Men det beste enkeltståande resultatet dei siste vekene er det formannens eldstedotter som har stått for.

Underteikna fekk nokre ord med ho mellom skotsalvane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg høyre du har notert deg for det beste junior-resultatet i Noreg denne vinteren. Kva var resultatet?

- Det var under krinsmeisterskapen for Bjørnefjord-krinsen. Då skaut eg 350 poeng. 24 av dei 25 blinkskota var innartiarar, forklarer Amalie med eit smil om munnen.

- Var det første gong du skaut fullt hus?

- Ja, innandørs, men utandørs har eg gjort det fleire gonger. I fjor hadde eg ni stemne der eg skaut 350 poeng, fortel Amalie.

Under krinsmeisterskaps-skytinga gjekk Tysse Skyttarlag til topps i klasse 3-5. Her vann Trond Nordvik, medan Jan Kristian Evensen tok andreplass framfor Strandvik-skyttar Eirik Vik.

- Det er alltid litt kamp med Strandvik-skyttarane. Men heldigvis sette me dei på plass denne gongen også, humrar Evensen.

LS-finale-draumar

Medan årets innandørssesong er i ferd med å ebba ut, er det felt-skyttarane som skal i gang på Os Skytesenter dei neste vekene.

- Laurdag 5. mars arrangerer me feltstemne. Kring 160 utøvarar er alt påmelde. Utandørssesongen for baneskytinga opnar med kampen om krutpokalen i slutten av april, seier Evensen og visar den gedigne pokalen som går til vedkomande som skyt den beste poengsummen med 25 skot på tre minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Markus og dei to eldste Evensen-søstrene er det LS i Målselv i Troms som vert årets desiderte høgdepunkt.

Sofie vann som kjent LS for rekruttar i fjor. I år skal ho prøva seg i klassen for eldre rekrutt. Markhus skal skyta i rekrutt-klassen, og Amalie i juniorklassen.

- Målet må vera finaleplass. Det klarte me i fjor, så det skal me klara igjen, seier Amalie.

- Men kan du Sofie gjera det like bra som i fjor?

- Eg kan jo det. Det blir tøft, men ein må jo prøva, smiler fjorårets LS-heltinne.

Rekruttskyttar Ådne Eide har eit meir nøkternt mål.

- Eg har skote 222 i dei to siste LS-ane. Årets mål er å få ein annan poengsum, sjølvsagt helst litt betre, ler Odne.

Formann Evensen er også noko nøktern med tanke på resultata i Målselv denne sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me bruker å gjera det best når me stiller med full tropp. Ettersom Målselv ligg i Troms vil det nok vera begrensa med osingar som melder seg på. Då vert det kanskje meir Os-trøkk når me skal til Førde i 2017. Men me skal sjølvsagt gjera vårt beste også denne sommaren, presiserer formannen.