Skal stå opp for kvarandre
- Me skal kjempa som løver og stå opp for kvarandre, lovar Ståle og Denis før Lyseklosters tøffe bortekamp mot Vidar laurdag.
Fredag ettermiddag var stoparen og den offensive midtbanespelaren oppom «Os og Fusaposten» sine lokale. Dei to vedgår at starten har vore tøff, men trur likevel det kjem til å snu.
- Me har tapt fire kampar, men me har hatt mykje stolpe-ut. Både mot Sola og Lørenskog hadde me heilt klart fortent poeng, seier Ståle Steen Sæthre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Uansett har me meir å gå på. Me må kriga meir enn me har gjort til no. Me må stå opp for kvarandre, slåst og gje juling, legg Lyseklosters kroatiske stoppar til.
28-åringen har solid erfaring, og har vore ute ei vinternatt før.
- Om ein slit med finspelet, så må me starta med noko anna. Då er det som oftast kjemping og ballvinning det handlar om, seier kroaten som har fleire års erfaring frå høgste nivå i Kroatia.
To tøffe kampar
Morgondagens motstandar i Stavanger er truleg høgt oppe etter at dei slo ut Viking tidlegare i veka. Det kan slå heldig ut for Lysekloster.
- Det var nok ein mental greie å slå storebror i Stavanger. Ofte får slike lag ein nedtur etterpå. Dei er gode, men med god innstilling skal me gjera alt me kan for å vinna kampen og ta tre poeng, seier Steen Sæthre.
Til no i år har han skåra fire mål på sine fem kampar.
- Det gjeld for cup og serie, men er eigentleg ganske bra, men for all del: Eg også har ting eg kan bli betre på framover. Me må heva oss som eit lag, seier fusingen.
Neste helg får dei vitjing av eit anna lag som har hatt hell og lukke i cupen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nest-Sotra slo jo ut Sogndal på onsdag. Dei har også eit bra lag, men skal me vera med på dette nivået, må me ha ambisjonar om å ta poeng frå alle laga me møter. Eg håpar me saman kan løfta oss og få litt meir flyt framover, så blir det nok bra, seier Steen Sæthre.