Skal halda fram å styra kampane
- Det er uaktuelt å spela kynisk for å sikra poeng. Me skal styra kampane, så får det bera eller brista, seier Hassan El Fakiri før Os' tre siste seriekampar.
Han har vore tru mot spelestilen og fotballfilosofien sin sidan han kom til Kuventræ. At Os A-lag truleg må vinna to av dei tre siste kampane for å halda seg i 3. divisjon, endrar ikkje på det. Sjølv ikkje når dei i morgon reiser til Bergen for å møta tabelltrear Varegg.
- Me kjem ikkje til å leggja oss bakpå og venta på overgangar. Me trenar heile vegen på å pressa høgt og styra kampane. Det skal me gjera på laurdag også - sjølv om me møter eit godt lag, seier Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Må vera på hogget
- I midten av juni tapte Os fortent 1-3 heime for Varegg. Vil det ikkje i lys av det vera klokt å tilpassa spelet noko no på laurdag?
- Nei, eg ønskjer å ha fokus på det me sjølve gjer. Eg vil at me skal prøva å styra ein kvar kamp. Jaudå, Varegg har eit rutinert mannskap, som forsvarar seg bra, men eg ser ikkje at det vil hjelpa oss å tenkja defensivt. Tvert imot meiner eg at me heller skal gå ut i hundre og pressa og stressa dei høgt på banen, seier Fakiri.
Han synest det er greitt at laget framleis kan styra alt sjølv.
- Eg ser ærleg tala ikkje på tabellen. Eg veit at me er på fjerdeplass, og at dersom me gjer jobben vår godt, så held me oss i divisjonen. Me kan slå alle våre tre siste motstandarar - Varegg, Bjarg og Sotra. Alt er opp til oss, konstaterer han.
Tremålsskårar Hafsås ute
- Er alle friske og tidige til Varegg-kampen?
- Alle bortsett frå Christoffer Hafsås. Han fekk seg ein skade på trening i går og er ikkje med i troppen.
- Har du laget klart?
- Nesten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Liknar det på laget du starta med i kampen som enda med storsiger mot Arna-Bjørnar?
- Ja, ein skiftar vel ikkje så mykje på eit lag som vinn 8-1, humrar Fakiri.