Sju strake for Os
Os kunne jubla for tre nye poeng i heimeoppgjeret mot Vardeneset i dag. No har dei tatt 21 av 21 poeng i haust.
Førsteomgang var jamn og tett utan dei heilt store sjansane. Nærast var Rafael Villen, men keeperen redda avslutningen frå midtbanespelaren.
Kampen opna seg meir i andreomgang. Os styrte kampen, og fekk etter kvart hol på byllen, ved Knut Spangelo Haga. Vardeneset skapte nokre sjansar mot slutten, men Os-keeper Andrew Todd sleppte ingen ballar forbi seg i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny siger og tre nye poeng for Os, som ligg an til å få ein veldig fin avslutning på sesongen som starta så dårleg.