Sjetteplass på 5.000
Sverre Lunde Pedersen gjekk ei god halvmil i VM i enkeltdistanser i Korea, men det heldt likevel ikkje til medalje.
Osingen gjekk sin nest raskaste 5.000 m på låglandsbane, men 6,15,77 heldt dessverre berre til ein sjetteplass.
24-åringen gjekk stabilt godt under 30 blank, men måtte nok ein gong godt opp i rundetid (30,4) på sisterunden og tapte nok nokre plasseringar på det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sven Kramer vann distansen med sterke 6,06,82, som også er ny verdsrekord for løp på låglandsbaner.
Sverre går også 1.500 og lagtempo i meisterskapen i Korea.