Ståle Steen Sæthre blei matchvinnar to minutt på overtid i borteoppgjeret mot Arna Bjørnar.
Ståle Steen Sæthre blei matchvinnar to minutt på overtid i borteoppgjeret mot Arna Bjørnar.

Sikra tre poeng på overtid

Ståle Steen Sæthre sikra tre viktige poeng for Lysekloster, då dei slo Arna Bjørnar 2-1 på bortebane.

Det såg til å ende med uavgjort for Lysekloster etter at Joakim Hjelmeland utlikna etter 79 minutt, men to minutt på overtid dukka Steen Sæthre opp og sikra sigeren for bortelaget.

- Det måtte ein Fusa/Strandvik/Boga-bonde til for å sikra sigeren, humrar Steen Sæthre på telefon etter kampslutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me hadde ein omgang kvar. I førsteomgang var me langt unna der me skal vera. I andreomgang køyrde me kampen. Dei siste ti minutta kunne me skåra mange mål, men me fekk ikkje utteljing før på overtid, då eg stanga inn eit innlegg frå Alexander Andersen, seier Steen Sætre.

Han spelte spiss dei siste 15 minutta, og hadde heile tida trua på at han kom til å putta det avgjerande målet.

Steen Sæthre seier at det var ein laginnsats utan like, og han vil særleg trekkja fram Gojko Ivkovic, Baste Jonassen og Christer Olsen.

Luke til Sotra

Samstundes med Lyseklosters kamp, spelte Sotra borte mot Brann 2. Dei klarte berre uavgjort. Det gjer at Lysekloster no har skaffa seg ei luke på tre poeng i opprykkskampen.

- Heilt ærleg så tenkjer me ikkje så mykje på Sotra. Me skal vinna alle våre kampar, og gjer me det, så er me i 2. divisjon neste sesong, seier Steen Sætre.

Laget som starta: Chris Sunde Midtun, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Gojko Ivkovic, Alexander Andersen, Sindre Flaa, Preben Skorpen, Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland, Christer Olsen og Tommy Gaustad.