Signerte gullkanta fem-års-avtale med Adidas
Adidas er med på Lysekloster-laget i alle fall dei neste fem åra. - Det er ein gullkanta avtale, fortel styreformann Svein Kollen.
- Eg vil ikkje kommentera akkurat kor mykje avtalen er på. Men me er sikra alt av utstyr, det gjeld klede, sko osv. til både A-laget og resten av idrettslaget, er sikra for dei neste fem åra, seier Kollen, og legg til:
- Det er kjekt å sjå at me er klubben som Adidas ser ut til å satsa på her på Vestlandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dialog om fleire store avtalar
Styreleiaren er glad for at dei no kan senka skuldrene, og konsentrera seg om det sportslege.
- No veit me at me har sikra oss ein god avtale på sko og klede. Då kan me bruka krefter andre stader, seier Kollen.
Klubben jobbar kontinuerleg med sponsorar. Dei er i dialog om fleire store avtalar, men Kollen vil ikkje kommentera desse, så lenge ikkje noko er i hamn.
Avtalen med Adidas er forhandla fram med Adidas Norge, gjennom den lokale leverandøren, Steve Perryman.