Siger på dårleg dag
I sin nest siste seriekamp for sesongen vann Søre Neset sitt førstelag 3-1 heime mot BSI 3.
- Dette var ein kamp der poenga gledde meir enn prestasjonen. Me mangla ein del spelarar, og måtte henta opp to juniorar og to spelarar frå andrelaget. Eirun Klyve fekk fornya tillit etter sist kamp. Ho sleit litt i forsvar, men i angrep var ho trygg og gjorde få feil, fortel trenar Morten Asphaug.
Også Erika Andersen var med på førstelagskampen mot BSI 3.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ho hadde tre innhopp og klinte til med nokre susarar av nokre servar, som sette motstandarane i ubalanse, fortel Asphaug.
Han oppsummerer elles kampen slik:
- Me starta kampen sterkt, men sleppte BSI 3 inn mot slutten igjen. I 2. og 3. settet gjorde me feil etter feil, vart usikre i forsvar og la dårlege legg til angrepsspelarane våre. Alt i alt har me mykje å jobba med i tida framover, men det var kjekt å kunna ta ein siger på ein svak dag også, seier Asphaug.
Settsifra måndag vart 25-20, 25-23, 24-26 og 25-27.