Os-trenar Kenneth Husebø er glad for siger i sesongstarten, men ser at det er ein del å jobba med. (Arkiv
Os-trenar Kenneth Husebø er glad for siger i sesongstarten, men ser at det er ein del å jobba med. (Arkiv

Siger i sesongstarten

Handball-herrane til Os tok ein kontrollert siger borte mot BI i går, og vann til slutt 31-26.

- Me leia heile vegen, bort sett frå på 1-0, seier Os-trenar Kenneth Husebø.

- Me hadde heile vegen eit forsprang på 3-6 mål, og viser at me er eit bedre lag. Det var ein heilt grei start på sesongen, seier Husebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt å jobba med

Etter kampen ser Os-trenaren at det er ein del å jobba med.

- Det viktigaste er disiplin. Spelarane må halda seg til avtalar, særleg i forsvarsarbeidet. Om ein leiar med seks mål, så er det kanskje ein grunn til det. Då må ein ikkje gå vekk i frå avtalar me har laga på førehand, og tru at det er enkelt å vinna, seier Husebø.

Andresen toppskårar

Os gjekk til pause med tre-måls-leiing, 18-15, og vann til slutt med fem mål, 31-26. Husebø vil trekkja fram Fredrik Andresen, som vart toppskårar med åtte mål, og Jørgen Wold.

- Dei skårar begge bra med mål, og set mange skot frå distanse. I forsvar er det andre som også skal ha skryt, seier han.

Håpar på comeback

Herrane har mista to gode handballspelarar i Isak Røen og Joachim Blodstrupmoen. Røen har flytta til Stavanger, og Blodstrupmoen har gitt seg med handball.

- Me håpar at Joachim ombestemmer seg og kjem attende. I tillegg har me ein del tidlegare handballspelarar med i trening no, som me håpar å få brukt utover i sesongen, seier Husebø og legg til:

- Det er berre fint om endå fleire tidlegare handball-spelarar ønskjer å koma tilbake og prøva seg. Me manglar litt spelarar i starten av 20-åra, så me manglar den generasjonen midt i mellom, seier Husebø.

Sterkare tropp til helga

Til helga ventar første heimekamp for sesongen. Gloppen kjem på besøk laurdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me mangla eit par spelarar i går. Dei er tilbake på laurdag, så me stiller med ein sterkare tropp då, seier Husebø.