Sesongdebuterer etter knallresultata i OL og VM
Sverre Lunde Pedersen sesongopnar i Vikingskipet fredag kveld.
Norges Skøyteforbund melder om ein heftig duell når osingen skal gå sitt fyrste «ordentlege» løp i årets sesongoppkøyring. Distansen er 3000 m, og ein av dei han skal måla krefter med er Allan Dahl Johansson, omtala som kronprinsen i norsk skøytesport.
Sverre tok både OL-gull og OL-bronse og gjorde eit fantastisk VM i Amsterdam i sist sesong, medan Allan slo heile verda i junior-VM i tillegg til at han gjekk seg rett inn i senior-verdenseliten på 1500 m.
Artikkelen held fram under annonsen.
jostein@osogfusa.no