Sende Nordnes nord og ned heim
Søfteland fekk ein herleg og solid revansje etter semifinaletapet i vinterligaen då dei banka Nordnes 6-0 på STILvoll laurdag.
Kompisgjengen i dei grøne og kvitstripa draktene fekk eit tøft møte med 5. divisjon då dei tapte 2-0 borte mot Djerv sist helg. I dag (laurdag) viste dei til fulle at dei høyrar til på dette nivået. Mot vinterens semifinale-motstandarar frå Tornado Bergen sin vintercup viste dei ingen nåde og gav seg ikkje før bergensarane vart sendt heim til Nordnespynten med seks minus-mål på målstatistikken.
- Dette var Søfteland slik me ønskjer å framstå. Vi var verkeleg på hogget og festa grepet frå start. Nordnes hadde sine sjansar, men alt i alt vann me faktisk med færre mål enn sjansestatistikken skulle tilseia. Me hadde bøttevis med sjansar utanom måla og gav god underhaldning for dei mange som såg på, seier veteran og sisteskanse for STILvoll-laget, Christer Johannessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Losna då det losna
Det tok sin tid før den første nettsusaren sat i nettet, men etter det, kom måla om lag med ti minutts mellomrom kampen ut.
Førstemann som fekk hol på byllen var tidlegare Lysekloster-spelar Preben Skorpen. Ungguten med den gode skotfoten ordna 1-0 etter eit innøvd frispar i det 32. minutt. Deretter la kaptein Dani Bergstø på til 2-0 i det 42. minutt med ein klassisk Bergstø-hedding etter corner.
2-0 stod seg til pause.
Etter kvilen gjekk det nokre "pause-minutt" før Ramo Racic viste kvifor han var ønskt velkomen heim frå oljen. Også Ramo gjorde målet sitt ved å bruka kroppsdelen som sit fast øvst på skulderblada.
4-0 kom i det 75. minutt. Denne gong var det Jon Ole Johannessen som ordna jubel på STILvoll. Målet kom etter eit innlegg/skot, alt etter kva avsluttaren sjølv vil kalla det.
- Sei det var eit innlegg, elles blir han så høg på seg sjølv, ler keeper Johannessen.
Heimelagets nest siste fulltreffar denne føremiddagen vart sett i mål av den spelaren Johannessen meiner var banens beste.
- Stefan Berntsen er ein nykomar me verkeleg har sansen for. Han skåra 5-0-målet og gjorde stundom Nordnes sin venstreback godt svimmel, skryter Søfteland-keeperen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Topp-tre som mål
Og for å gjera ein Søfteland-føremiddag komplett var det på tide at ein god gamal veteran teikna seg på skåringslista. Erik Aasen ordna 6-0 med eit klokkareint hovudstøt.
- Det var ein kjempemoro kamp. Me er godt nøgde og håpar dette ber bod om fleire gode kampar framover, seier Johannessen.
Komande laurdag reiser laget til Norheimsund for å møta laget med same namn.
- Det blir sikkert ein tøff kamp, men med den innsatsen og viljen som me viste i dag, bør me ha gode sjansar for poeng. Me har som mål å plassera oss blant dei tre beste i 5. divisjonsavdelinga vår (02). Det meinte me var realistisk før sesongstart, og eg meiner framleis at det er eit mål me kan nå, avsluttar sisteskansen som denne føremiddagen også kunne jubla over å ha halde STIL-buret heilt reint.