Thomas Aarsund og Asgrim Tangen Farnes vart nye Lyseklosterspelarar denne veka.
Thomas Aarsund og Asgrim Tangen Farnes vart nye Lyseklosterspelarar denne veka.

Seks spelarar i sommarvindauget

Med to nye signeringar denne veka har Lysekloster A-lag henta inn totalt seks spelarar denne sommaren.

- I går fekk me signert Thomas Aarsund frå Brattvåg IL og Asgrim Tangen Farnes frå Sogndal. Med dei har me no signert seks spelarar og føler oss godt førebudd på ein spennande haustsesong, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Angrepsspelarar

Tidlegare i sommar henta dei inn svensken Sebastian Holmkvist, dansken Oliver Tvedt Larsen og dei tidlegare Os-spelarane Frode Øvredal og Håkon Kvittingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ein bra stall no, og det treng me for å kunna halda plassen i 2. divisjon, seier Kollen.

Dei to siste signeringane er angrepsspelarar.

- Thomas er offensiv midtbanespelar og er 21 år. Asgrim er 20 år og er ein unggut som kan spela på fleire plassar i angrep, fortel Kollen.

Dei to sist truleg på benken når Lysekloster tek imot Vidar til seriekamp komande laurdag.