Satsar på rekruttane
Eikelandsfjorden held på stallen frå i fjor, og kjem til å supplera med det som trenar Knut Hjertnes omtalar som spanande lokale, unge spelarar.
- Situasjonen er framleis som han var då me avslutta sesongen. Me hadde eit mål om å få med heile gjengen vidare pluss at me vil satsa på eiga rekruttering, seier Hjertnes.
Fleire gutespelarar som kan bidra
Dei to gutelaga blir i år til eitt juniorlag. Der er det fleire spanande spelarar, som nok vil få seg nokre sjansar på A-laget i løpet av sesongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Stian Tonning, bror til A-lagsspelar Daniel, var med A-laget i store delar av sist sesong. Då var han eigentleg gutespelar. I tillegg var det fleire som fekk prøva seg. I år er det nok fleire som vil kunna vera med å bidra, seier Hjertnes.
Kontakta gamle kjente
I fjor var klubben "aktiv på overgangsmarknaden" då dei sikra seg fleire nye, men kjente andlet. I år har dei ikkje gjort framstøt på nye spelarar.
- Me tok kontakt med Remi Osebakken og andre som har naturleg tilhøyrsle til klubben. Det er slik det er nedover i divisjonane, at me kontaktar dei som har tilknyting til laget. Elles satsar me på at andre spelarar, som gjerne fell gjennom i andre lokale lag, ønskjer å koma til oss.
Juniorane trenar mest
I neste veke startar dei på sesongoppkøyringa. Eikelandsfjorden satsar på at lik treningsmengde som i fjor, vil vera ein suksessformell også i 5. divisjon.
- Me trenar to gonger i veka. Spelarane bur spreidd, og er opptekne med arbeid og andre ting, så det er begrensa kva me kan få til av treningar der alle er samla. Juniorane trenar tre gonger i veka, men det er no ein gong slik at dei som vil opp og fram må trena meir, smiler Hjertnes.
Lokaloppgjer i form av treningskamp
Avdelingsoppsettet er klart, og ingen av dei tre lokale 5. divisjonslaga hamna i same avdeling. Det synest Hjertnes er eit minus, men han er likevel godt nøgd med oppsettet.
- Me har ein del spelarar som bur i Bergen, så det passar bra.
Lokaloppgjer kan det framleis bli, men då i form av treningskamp.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Førebels er ingenting spikra, men eg veit at Arnt (Arnt Ove Lundervik, kaptein på Eikelandsfjorden journ.mrk.) har vore i kontakt med Roar Wold i Søfteland-leiren. Me håpar på å få til eit lokaloppgjer eller to, seier Hjertnes.