Såg etter lokaloppgjeret i terminlista
Det første Lyseklosters nye trenar, Ruben Hetlevik såg etter når han fekk terminlista, var oppgjeret mot Os.
- Eg har alltid visst at Os og Lysekloster er gode rivalar. Eg har merka at det er viktig for begge klubbane å vera best i bygda. Det er kjekt å få to slike oppgjer i løpet av ein sesong. Då kan vi fylla opp både Framo Idrettspark og Kuventræ og laga fest. Dette er artig å vera med på, seier Hetlevik og held fram:
- Eg hadde håpa at oppgjeret skulle vera 16. mai, men slik blei det ikkje. Det er kjekt at vi i alle fall fekk ein laurdagskamp, og at kampen kjem relativt tidleg i sesongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil fokusera på seg sjølve
Lysekloster-trenaren har tru på ein spanande sesong, der fleire lag kjem til å kniva i toppen.
- Vi opnar borte mot Haugesund 2. Dei spelar mot Brann same dag, så vi møter ikkje eit lag som er fullstappa med A-lagsspelarar. Elles møter vi også Brann 2 og Aalesund 2. Det er alltid vanskeleg å vita kva for lag dei stiller, og korleis dei satsar. Det er generelt mange gode lag. Brattvåg og Herd kjem nok å kjempa i toppen. Fyllingsdalen òg. Det blir ein sesong der ein tenar mest på å fokusera på seg sjølv, og mindre på motstandarane, fordi det kjem til å bli jamnt.
Spår ein spanande og utfordrande sesong
Os-trenar Hassan El Fakiri ser også fram mot ein sesong han trur kjem til å bli både spanande og utfordrande i ei tøff avdeling.
- Vi var klare over at det kom til å bli ein tøff avdeling. Brann 2 stilte sterkt i år, og vann si avdeling. Men det er umogleg å vita kva laga tenkjer med andrelaga frå år til år, om dei er nøgde med matchinga dei får i denne divisjonen, eller om dei vil opp eit hakk. Brattvåg er ein hardtsatsande klubb. Herd vann si avdeling i fjor, og eg vil tru at dei framleis har eit sterkt lag, om dei ikkje har mista mange spelarar. Det er generelt mange gode lag. Alle bergenslaga har også høg kvalitet, seier El Fakiri og held fram:
- Det blir spanande å sjå korleis vi ligg an i forhold til laga nord for oss. Om vi er betre eller om vi heng litt etter. Det er mange lag som satsar, berre sjå på Lysekloster og korleis dei har prøvd å forsterka laget sitt.
Opnar på heimebane
Os opnar sesongen heime mot Spjelkavik måndag 17. april. Same dag tek Lysekloster turen til Haugesund for å møta Haugesund 2.
- Er det ein fordel å starta med heimekamp?
- Fordel og fordel. Det er viktig å få ein god start, men så mykje har det ikkje å seia om ein startar på heimebane eller ikkje. Det er på slutten av sesongen det blir avgjort, seier El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os-trenaren er klar over rivaliseringa mellom Os og Lysekloster, men for El Fakiri betyr ikkje dette oppgjeret noko spesielt.
- For meg er det berre ein av mange kampar. Jobben vår er ikkje gjort om vi vinner ein eller to oppgjer mot Lysekloster, seier han.
Os´ fem første kampar:
17. april: Spjelkavik (H).
22. april: Stord (B).
29. april: Fjøra (H).
06. mai: Lysekloster (B).
13. mai: Fyllingsdalen (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
Lyseklosters fem første kampar:
17. april: Haugesund 2 (B).
22. april: Brattvåg (H).
29. april: Stord (B).
06. mai: Os (H).
13. mai: Varegg (H)