Sæthre skal vera aktuell for Brann
Ståle Steen Sæthre har aldri lagt skjul på ambisjonane. No skal 25-åringen vera aktuell for Brann.
Fusing og tidlegare Lysekloster-spelar Steen Sæthre har imponert i midtforsvaret til Nest-Sotra i 1. divisjon i år. Den tidlegare spissen er omskulert til midstoppar og har spelt alle femten kampane så langt i serien. Han har heller ikkje gløymt korleis det er å skåra mål og står bokført med fem så langt.
– Det er veldig kjekt og smigrande at Brann viser interesse. Viss dei vel meg, kjem dei aldri til å angra, seier Steen Sæthre tilBA.
Artikkelen held fram under annonsen.
jostein@osogfusa.no