Roll Karlsen vann for fjerde år på rad
Det var mange lokale løparar i sving i Langedalen Opp, men ingen kunne måla seg med Espen Roll Karlsen frå Gneist.
- Espen vann ikkje første året, men sidan har han toppa podiet. Langedalen Opp har blitt arrangert fem år i strekk no. Han har altså vunne fire gonger, seier Andreas Søfteland, som er med og arrangerer motbakkeløpet.
Christina Ellefsen Hopland frå Varegg vann dameklassen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det blei ikkje ny rekord i verken dame- eller herreklassen i år. Roll Karlsen låg godt an halvvegs, men tapte ein del mot slutten, og hamna over 20 sekund bak løyperekorden sin, som også er løyperekord i Langedalen Opp. Han var med på eit løp på Stord dagen før og kjente det nok i beina.
- Var du sjølv med som deltakar i år?
- Nei. Eg skulle vera med, men så eg blei forkjøla. Eg stod på toppen og tok tida, seier Søfteland.
Eit stykke unna deltakarrekord
Med 180 påmeldte - uansett klasse - blei det ikkje ny deltakarrekord i år. I 2014 bikka talet 200, noko som framleis står som rekord.
- Talet deltakarar i konkurranseklassen har vore jamnt. Det er i familieklassen at det svingar litt frå år til år, seier Søfteland.
Søfteland kan elles fortelja om ein flott dag på Søfteland.
- Vi var litt spente. Vi bestemte oss for å ikkje setja opp teltet, for vêret såg greitt ut. Plutseleg kom det ei real regnbye. Heldigvis letta det raskt, og vi fekk fint vêr, seier Søfteland og smiler.