Frå 1. desember er FFO-gjengen på Nore Neset i full sving kvar tysdag og torsdag. (Arkiv
Frå 1. desember er FFO-gjengen på Nore Neset i full sving kvar tysdag og torsdag. (Arkiv

Rift om plassane

Nore Nesets fotballfritidsordning ser ut til å vera eit kjærkome tilbod. Snart er det ikkje fleire plassar att.

- Me har eit par ledige plassar, fortel dagleg leiar, Jarle Heltne.

Tilbod om leksehjelp

Talet påmelde er om lag så mange som Heltne hadde forventa. Det er rom for utviding, om det viser seg å vera mange fleire som er interesserte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er naturleg at nokre sit litt på gjerdet for å sjå korleis dette blir. Me har høve til å utvida, om det vert naudsynt, seier han.

Kvar tysdag og torsdag skal born og unge på Nore Neset samlast for aktivitet. Sjølv om det blir kalla fotballfritidsordning, er det ikkje berre fotballrelatert aktivitet.

- Me gjev tilbod om leksehjelp til dei som ønskjer det. I tillegg til kunstgraset, vil me bruka hallen til leik og andre aktivitetar enn berre fotball.

Eidsvik sjef for FFO

- Er dette inspirert av Os´ fotballfritidsordning?

- Tja, på ein måte er det vel det. Det var foreldregruppa til klubben som kom med initiativet. Me har lokala, banen og garderobar. Me har nytt klubblokale over garderobane som me kjem til å bruka som samlingslokale. Me har alt me treng for å starta opp, seier Heltne.

I tillegg har dei gode instruktørar.

- Martin Eidsvik er ansvarleg for opplegget. Rune Fjellberg er med som hjelpar. Me har godt skulerte folk til å utføra jobben, seier Heltne.