Håvard Vik revansjerte seg på feltrunden i dag. 30/20 og dermed nok ein lokal utøvar som skal skyta finale på fredag.
Håvard Vik revansjerte seg på feltrunden i dag. 30/20 og dermed nok ein lokal utøvar som skal skyta finale på fredag.

Revansjerte seg

Håvard Vik var ingen glad gut då han gjekk av standplass under Landsskyttarstemnet søndag. I dag tok han revansj.

246 søndag var alt anna enn godkjent av ein eldre rekrutt som har skote langt betre på fleire stemne i år.

- Merkar jo at det er litt meir styr på LS. Og då kjem små feil som tappar deg for poeng. Får ikkje gjort noko med det no, sa han då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finale-klare

I dag derimot fekk den unge Strandvik-skyttaren revansjert seg på feltrunden. 30/20 og dermed nok ein lokal utøvar som skal skyta finale på fredag. Der får han selskap av klubbkamerat Jens Georg Gulbrandsen. Han skyt i juniorklassa, og hadde 30/19 på feltrunden sin.

Det er god utteljing av eit lag som ikkje har så mange med til Lesja.

- I fjor var vi ein heil gjeng i Sandnes. Sidan den gong har mange slutta til fordel for satsing på volleyball. Det er dumt, seier Vik, som sjølv driv både med fotball og volleyball i tillegg til skytinga.