Gitte Torp kjenner seg trygg på at Os-damene vil slå hardt tilbake mot Kjøkkelvik i kveld.
Gitte Torp kjenner seg trygg på at Os-damene vil slå hardt tilbake mot Kjøkkelvik i kveld.

- Revansjelystne som få

- Søndagens stortap for Fana 2 gjorde vondt, men i dag er me revansjelystne som få, seier Os-trenar Gitte Torp.

Sesongavslutninga for Os-damene har ikkje gått heilt som dei ønskte. Gårsdagens 29-15-tap gjer at osingane har kniva på strupa for å redda sjuandeplassen og sikra spel i neste års 2. divisjon.

- Kampen mot Fana 2 var fullstendig kollaps frå vår side. Det var ikkje berre sesongverste, det var fleire hakk under vår nest verste kamp, seier Gitte Torp galgenhumoristisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både ho og jentene er glade dei får høve til å reis seg alt i kveld (måndag).

- Me har bortekamp mot Kjøkkelvik og både bør og vil vinna den kampen. Eg trur ikkje det vil skorta på viljen i alle fall, seier Torp.

Taklar også kvalik

Dersom jentene slår Bergen Vest-laget i kveld og dei i tillegg vinn over Gneist i serieavslutninga på Sotra, er det framleis mogleg at osingane tek sjuandeplassen. Visst ikkje vert det kvalik.

- Me gjer det me kan for å vinna dei to siste kampane, men me skal også takla ein kvalik. Då møter me eit 3. divisjonslag. Det skal me klara å hamla opp med, seier Torp.

- Kva var det som gjekk så galt mot Fana 2?

- Godt spørsmål. Eg trur i førsterekkje at det starta med mykje stolpe-ut-avslutningar. Deretter byrja me å skulle gjera ting åleine. Det held skjeldan i 2. divisjon, seier Torp.