Rekordhøg oppslutning

Tysdag kveld var det fotballfest i Eikelandsfjorden samfunnshus. - Oppslutninga om barnefotballen er den høgste nokon gong, sa leiar i Eikelandsfjorden idrettslag, Richard Markhus.

Leiarane for barnefotballen, Janne Samnøen og Merete Midtrød, var også festleiarar.

- Takk til foreldra som har stått for køyring, heiar på ungane og lagar god stemning, sa Midtrød etter at alle borna hadde dansa «Trivselsdansen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Suksessfaktorar

Sjølv om det ikkje var noko å seia på innsatsen korkje til fotballspelarane eller foreldra, kunne dei to godt tenkja seg ein eller to til i leiinga.

- Om det er nokon som kan jobba med sponsing, eller er gode til å tippa slik at me får grasrotdelen, så er me interesserte, sa Midtrød.

Kunstgrasbanen er også ein viktig grunn til voksteren i laget, samt Rune Helland som har stått på frå 07.00 om morgonen til 22.00 om kvelden, og fått med seg folk på dugnad.

I tillegg til dei andre frivillige, vart dommarane også gjort litt stas på. Dei hadde ein tøff jobb, såpass tøff at det berre var ein som stilte denne kvelden.

Smilande der i frå

Trenarar og lagleiarar fekk kvar si sjokoladeplate, medan dei unge fekk koma opp på scenen og tok imot krus med laglogo og applaus.

Jenter 9 og 10 år (J 9/10) hadde Hildegunn Midtrød og Monica Røssland Håvik vore ansvarlege for.

- Det er ein stor gjeng. Me byrja med sju, og no er me 14, sa Midtrød.

Dei hadde vore med på fem cupar, tapt ein, vunne ein og stort sett gått smilande der i frå. (Grunna kameratrøbbel vart ikkje dette laget foreviga av avisa).

Artikkelen held fram under annonsen.

Så vart det «trivselsdansen» ein gong til før alle rusha heim, som var neste mål for dei unge fotballspelarane.