Madeleine Hjertnes og resten av Os-damene reiste seg meisterleg mot Kjøkkelvik. Os-kapteine skåra sjølv seks. (Arkivfoto)
Madeleine Hjertnes og resten av Os-damene reiste seg meisterleg mot Kjøkkelvik. Os-kapteine skåra sjølv seks. (Arkivfoto)

Reiste seg mot Kjøkkelvik

Os-damene kom sterkt tilbake etter stortapet mot Fana 2. Måndag kveld slo dei Kjøkkelvik 24-15 borte.

- Dette var ein heilt anna kamp. Jentene stod verkeleg godt i forsvar. I tillegg heldt Vibeke Ingebrigtsen godt reint i buret. Det var ein rein lagsiger, skryt trenar Trond Førde Eriksen.

Mestskårande for Os-damene borte mot Kjøkkelvik var Madeleine Hjertnes og Vilde Brattabø, som begge skåra seks.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig kjekt å sjå dei spela på måndag. Gleda var tilbake og jentene reiste seg verkeleg frå kollapsen mot Fana 2, seier assistenttrenar Gitte Torp.

Må ha hjelp

Etter stortapet mot Fana 2 er Os-damene uansett avhengig av hjelp frå andre lag dersom dei skal kapra sjuandeplassen og sikra 2. divisjons-billetten.

- Fana 2-tapet var stort, så dei kjem framfor oss om me ender på lik poengsum. Det me då må håpa på er at Fana 2 tapar siste kamp mot Årstad, eller at Stryn ikkje tek meir enn eitt poeng mot Bjørnar. I tillegg må me sjølv slå Gneist.

- Det skal altså litt til for at de klarar det?

- Ja, det kan halda hardt, men me må berre håpa.

Siste serierunde går i Sotra Arena laurdag 2. april.

Kan bli nedrykk

Dersom Os ikkje kjem seg bort frå kvalikplassen (8. plass) i siste runde, kan det i verste fall enda med direkte nedrykk.

- I utgangspunktet er det ein kvalikplass der me får kvalik-kamp mot eit 3. divisjonslag, men dersom Viking rykkjer ned frå 1. divisjon går me rett ned, fortel Førde Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har uansett eit berettiga håp om at Viking klarar seg.

- Dei har to kampar igjen. Begge laga dei møter ligg under dei på tabellen. Dei klarer seg med to poeng . Det tror eg dei skal klara, seier Os-trenaren.