Sigmund Hjermann, Hege Hope, Øyvind Nordtveit og David Tovi.  (Privat foto)
Sigmund Hjermann, Hege Hope, Øyvind Nordtveit og David Tovi. (Privat foto)

Redda Toppserie-kontrakten med Sandviken

Med 2-1 borte mot Vålerenga redda Sandviken-damene til Øyvind Nordtveit kontrakten i Toppserien.

Fusingen er inne i sin sjette sesong som trenar for damelaget til Sandviken. I løpet av desse åra har dei vore rie år i toppserien og to i divisjonen under.

- Det var utruleg godt å få sikra kontrakten no laurdag. Me har spelt med kniven på strupen i heile haust, og jentene har verkeleg stått opp for kvarandre og prestert når det galdt som mest, skryter den tidlegare Os-trenaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk avslutning

Etter at Sandviken-damene tapte 2-0 for Avaldsnes tidlegare i haust har dei teke sju poeng på dei tre siste kampane. Med 2-1 borte mot Vålerenga no laurdag var jobben gjort.

- Det er sterkt å prestera så bra, når konsekvensen av å gjera fei vert så stor. Det står respekt av det laget har gjort, roser Nordtveit.

Dei siste tre kampane har dei slått Klepp 2-1, spelt uavgjort mot Klepp og altså vunne 2-1 borte mot Vålerenga.

Fusingen Øyvind Nordtveit har trena damelaget til Sandviken IL i seks sesonger. 42-åringen har to år igjen av sin noverande kontrakt med Toppserieklubben.
Fusingen Øyvind Nordtveit har trena damelaget til Sandviken IL i seks sesonger. 42-åringen har to år igjen av sin noverande kontrakt med Toppserieklubben.

- Det er utruleg godt at me kan gå til årets siste heimekamp med seinka skuldre. Det å møta Arna-Bjørnar bruker å vera tøft nok i seg sjølv, humrar 42-åringen.

Utelukkar ingenting

Sjølv kor glade dei var for bortesigeren, vart det lite med fest.

- Eg trur alle var litt utlada. Me var glade, men svært trøytte, fortel Nordteit.

Festen tek dei om to veker.

- Kanskje vert det ein liten feiring etter kampen mot Arna-Bjørnar, men hovudfeiringa tek dei i samband med årsfesten om to veker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øyvind Nordtveit har verkeleg funnen seg til rette som heiltidstrenar for Sandviken damelag. I år fullførar han altså sin sjette sesong, og fusingen har teikna kontrakt for to nye.

- Blir du verande i damefotballen?

- Tja, tida får sjå. Eg trivst i alle høve veldig godt i Sandviken IL. Me eg utelukkar aldri noko. Eg utelukkar ikkje at eg vendar tilbake til herrefotball ein dag, seier Baldersheim-karen.

- Det er gått nokre år sidan du var på Kuventræ?

- Ja, sju år faktisk. Eg hadde eitt år i Øystese etter at eg var tre år på Kuventræ. Tida går fort.

Han har berre gode minner frå Kuventræ.

- Det er ein klubb eg vart veldig glad i. Eg følgjer godt med på dei, og kjem gjerne attende om det ein gong skulle bli aktuelt, seier han.

Landslagsoppdrag

I mellomtida slår Baldersheim-karen seg opp i damefotballen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg merkar at rutinen og kompetansen min vert sett pris på. I vinter var eg assistenttrenar for U23-landslaget til damene under ei turnering på La Manga.

- Er det å vera heiltidstrenar det einaste aktuelle for deg framover?

- Eg set veldig pris på å ha det slik eg har det i Sandviken IL. Det å vera heiltidstrenar gjer at ein fullt og heilt kan konsentrera seg om jobben, men eg var glad i å vera lærar, og eg trivst veldig godt i tida då eg jobba på Os gymnas. Framtida får visa. No har eg i alle høve to nye år med Sandviken, og det gler eg meg til, seier 42-åringen.

Når Toppserie-kontrakten no er redda kan han tidleg starta førebuingane til neste års sesong.

- Du har ikkje hatt nokre fusingar eller osingar i stallen på e stund?

- Nei, eller jo, eg hadde Kine Tonning her i vinter, men ho vart ikkje med vidare. Det finst mange talentfulle jenter i Os og Fusa. Eg håpar så absolutt at eg får gleda av å få nokon av dei her med tida, avsluttar Nordtveit.