Rauk på tap heime
Eikelandsfjorden A-lag har vore solide heime på graset i Fjord'n denne sesongen, men mot Hordabø/Radøy/Manger rauk dei på 2-4-tap.
- Det var ein kamp eg føler me tok litt for lett på. Hordabø/Radøy/Manger ligg bak oss på tabellen, og det er mogleg at me ikkje hadde rett innstilling ved inngangen til kampen, vedgår stoppar Arnt Ove Lundervik.
Kanskje burde dei ha frykta motstandaren berre på namnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dykk måtte jo skjøna at dette laget var bra, med alle dei stadnamna i namnet?
- Ja, du kan så seia. Hordabø/Radøy/Manger var eit hardtkjempande lag, og dei var også svært effektive. Ein kjem langt med slike kvaliteter, seier Lundervik.
Uheldig sjølvmål
Etter eit massivt Fjord'n-press dei første ti minuttane, skåra nemleg H/R/M på sin første sjanse i kampen. Sondre Langelang sytte for balanse i rekneskapen, men like etter skåra gjestane på sin andre sjanse i kampen.
- Me utlikna til 2-2 like før pause. Daniel Tonning sette inn eit straffespark etter at Stian Håvik vart felt på veg gjennom. Der skulle H/R/M også hatt ein mann utvikst, meiner Lundervik.
Etter kvilen heldt dei raudkledde fram med å køyra kampen, men igjen var det gjestane som fann vegen til noten.
- 2-3-målet var eit sjølvmål av han du snakkar med no. Eg fekk ballen i meg av keepar, og deretter gjekk han rakt i mål. Irriterande og tullete, seier ein sjølvkritisk Lundervik.
Medan lagat pressa på for utlikning, skåra gjestane igjen og fastsette sluttresultatet til 2-4.
Neste kamp for fusingane er borte mot botnlaget Fotlandsvåg komande laurdag. Dette er vårens siste.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No ligg me på fjerdeplass, seks poeng bak tabell-leiar Trane. Det kan me ikkje vera nøgde med. Dersom me skal ha sjanse til å rykkja opp bør me vinna dei fleste kampane til hausten. Det blir tøft, men me skal gjera vårt beste, seier Fjord'n-veteran Lundervik.