Råkar Os-laga hardt
Den nye seriestrukturen som vart vedteke på fotballtinget råkar både Os og Lysekloster hardt.
Verst er det nok for A-laget til Os Turn. Dei førebur seg no til ein sesong der dei ikkje kan rykkja opp.
- Det er ganske drastisk å vedta noko slikt berre månader før ein ny seriesesong tek til. Me var førebudde på at endringar kunne koma, men hadde nok mest av alt trudd at dei ville bli gjeldande frå sesongen 2017, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at laget no sjølvsagt tek endringa til etterretning og går for å bli blant dei fire beste i si 3. divisjonsavdeling.
- Målet må vera å bli blant dei fire beste. Då får me plass i neste års nye regionale 3. divisjon. Då vert det langt høgare nivå på 3. divisjon enn det me har i dag. På sikt er dette sikkert ei fin ordning, seier Fakiri.
Troms FK's forslag
Det var Troms FK som kom med forslaget til den nye serieordninga. Det nye vedtaket medfører følgjande endringar i dei øvste seriane i Noreg: Neste år vert det berre to 2. divisjonar (nivå 3). Vinnaren i årets 2. divisjonsavdelingar rykkjer framleis opp til 1. divisjon. Laga som blir nummer 2-7 får spela i det som blir neste års noko meir attraktive 2. divisjon. Dei som hamnar frå åttande- til 14. plass kjem i neste års regionale 3. divisjon. Den vil få seks avdelingar.
I den nye 4. divisjon vert det 24 avdelingar. Os A-lag må bli blant dei fem beste i årets serie for ikkje å hamna i neste års 4. divisjon (nivå 5).
Var førebudde
Trenar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal, var førebudd på endringane som kom.
- Dette forslaget kom alt i fjor haust, men det er nok mange lag som ikkje har trudd at det ville bli noko av no med det første. Me i Lysekloster tek vedtaket til etterretning. Målet må vera å bli blant dei sju beste laga i serien. Klarer me det, vert me del av neste års eksklusive 2. divisjon med berre to avdelingar. Endar me lengre ned på tabellen - ja, så er det ikkje noko krise. Då spelar me neste år i ein langt meir attraktiv 3. divisjon enn me gjorde i 2015, seier Sandal.