Radioaktiv NM-helg

Radiobilgjengen på Nore Neset er kanskje ikkje verdast største, men truleg den mest entusiastiske.

Jostein Helland er 40 år og står i speakerbua dagen lang under helgas NM i radiocross på Nore Neset.

- Kva er din mentale alder?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg veit ikkje. 18, kanskje? Nei, sikkert 10, ler han.

40-åringen har vore aktiv i miljøet lenge og har fått med seg fleire av ungane også. Mellom anna eldstedottera Alette på 10.

- Ha-ha, det er berre for ungane sin del at eg driv med dette, ler han sjølvironisk.

I svevet.
I svevet.
Primus motor Jostein Helland er 40, men skildrar humoristisk sin mentale alder som 10.
Primus motor Jostein Helland er 40, men skildrar humoristisk sin mentale alder som 10.

- Kva med kona, er ho like gira som deg og borna?

- Nei, ho ringer som regel midt i finalen og lurer på når eg kjem heim, sukkar han.

Godt gøymd

Den flotte racerbanen i miniatyr ligg godt gøymd bak kunstgraset like ved Nore Neset Aktivitetshus. Ei bane som er bygd mykje ved hjelp av KUP-midlar frå Os kommune.

Om lag 70 bilar frå Trondheim, Moss, Oslo, Sandefjord, Innherred, Bergen og altså Os, er på plass for å delta i helgas NM-konkurransar.

Det er forresten fyrste gongen at Bergen Modellbilklubb, som har sitt hovudanlegg på Nore Neset, arrangerer NM.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanvittig fart

Dei små racerbilane fyk rundt på bana i ein vanvittig fart. Rett som det er veltar dei. Heldigvis er det eigne vakter som står klar til å få dei på rett kjøl att.

- Det er vi som har den viktigaste jobben av alle, fleipar ein av dei, kledd i gul refleksvest.

- Sjølv ein nybegynnar kan koma seg rundt bana her, men skal du få skikkeleg fart på deg og i tillegg vinna, då krev det mykje øving, seier Helland.

Petter Solberg

Rally-legenda Petter Solberg er blant dei som har starta bilkarrieren med radiobilar. Det viser at dette er ein hobby ein ikkje skal kimsa av.

No manglar osingane berre ein plass å trena og leika seg på vinterstid.

- Før var vi i gymsalen på Os barneskule, men der får vi ikkje vera lenger. Så det er berre å ta kontakt om nokon har husrom, seier Helland.

NM 1:10 Off Road 2wd:

1. Joakim Nicolaisen - Grenland MBK

2. Per Henrik Hansen - Bergen OMBK

3. Martin Sørlie - Oslo MBK

7. Jostein Helland - Os-BOMBK

12. Oliver Dahl - Os-BOMBK

13. Filip Uglehus Rød - Os-BOMBK

21. Daniel Solberg - Os-BOMBK

22. Andreas Solberg Johannessen - Os-BOMBK

26. Lars Henrik Fauske - Os-BOMBK

29. Sindre Johannessen - Os-BOMBK

NM 1:10 Off Road 4wd:

1. Joakim Nicolaisen - Grenland MBK

2. Roy Gjemble - Innherred RC

3. Martin Sørlie - Oslo MBK

11. Jostein Helland - Os-BOMBK

14. Daniel Solberg - Os-BOMBK

18. Oliver Dahl - Os-BOMBK - Beste u16 i NM 4wd

21. Thomas Helle - Os-BOMBK

23. Filip Uglehus Rød - Os-BOMBK

Junior klasse:

1. Filip Uglehus Rød - Os-BOMBK

2. Oliver Dahl - Os-BOMBK

3. Daniel Solberg - Os-BOMBK

5. Martin Bergsvåg - Os-BOMBK

7. Sindre Johannessen - Os-BOMBK

8. Børre Johnsen - Os-BOMBK

10. Lars Henrik Fauske - Os-BOMBK

under 11år - Alette Helland Os-BOMBK

Short Course:

1. Oliver Dahl - Os-BOMBK

2. Martin Bergsvåg - Os-BOMBK

3. Ulrik Sirnes - Bergen OMBK

5. Børre Johnsen - Os-BOMBK

7. Lene Nordstrønen - Os-BOMBK