På landslaget: Gull og bronse på Standvik-duoane
Fire fusingar var i aksjon i landslagsdrakt i veka som var.
Magnus Tuft, Markus Mol, Terian Kaelo og Maria Åsmul var alle i aksjon landslagsturneringa Nevza for u17-lag som gjekk av stabelen i Ikast i Danmark denne veka. Best gjekk det for guteduoen som gjekk heilt til topps.
Seks nasjonar
I guteklassen deltok seks nasjonar. Dei norske gutane med Magnus og Markus starta bra og opna med siger 3-1 over vertsnasjonen Danmark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter tap mot Finland vart det andreplass i puljespelet.
Men gutane fekk ein ny sjanse mot gjengen frå dei tusen sjøars land. I finalen møtte dei på ny Finland. Denne gongen vann gutane 3-2 etter ein jamn og tøff match.
Åtte nasjonar
I jenteklassen var det åtte nasjonar som deltok. Noreg gjekk til sluttspelet etter andreplass i puljespelet. I semifinalen møtte dei Finland, men her fekk dei merka at finnane er blant dei beste i Norden. Finland vann til slutt også finalen.
For Terian og Maria vart det bronsefinale. Her møtte dei Færøyane, eit lag dei slo 3-1.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no